– Eg får verkeleg ei ro i kroppen, får veldig mykje meir energi, og eg føler meg meir sjølvsikker. Ein lærer å stole på seg sjølv, seier Henrikke Lorgen.
KALDE DUSJAR: Henrikke Lorgen studerer psykologi ved Høgskulen i Innlandet, og har vore isbadar sidan desember. No testar ho eigne grenser med å sjå kor lenge ho klarer å vere uti vatnet om gongen. Denne dagen klarte ho to rolege minutt. Rekorden er fire.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKHo har berre vore ein isbadar sidan desember, men kjenner allereie korleis effekt det kan ha.
– Det er dette med å utfordre seg sjølv og gjere noko annleis i kvardagen, seier ho.
Aukande interesse
Sidan september i fjor har 200 personar fatta interesse for Facebookgruppa «Lillehammer isbaderklubb». Liknande grupper er det fleire av andre stader i landet. Til dømes på Hamar, i Stange, i Oslo, og på Karmøy.
Trygve Bauge er leiar «Norsk isbade klubb», ein slags paraplyorganisasjon for over 100 isbadeklubbar i Noreg.
Han seier det ikkje var mange som isbada i Noreg i 1994 då klubben vart starta. Men dei siste åra har opp til 225 personar isbada samtidig på badestemne i Noreg.
– No er det slik at gud og kvar mann badar. Det har blitt fleire kvart år, så isbading er i vekst, seier Bauge som har oppfordra folk til å bade privat i koronatida.
Hamar Isbadeklubb starta i 2013, og leiar Vidar Østbu merkar også at talet på isbadarar er aukande. Til tider er det kø for å få bade ved stupetårnet på Hamar.
– Det er veldig mange som badar uorganisert no, så det har tatt seg opp enormt. Og omfanget er mykje større enn før, seier Østbu.
Helsegevinst eller farleg?
Om isbading er bra for helsa, eller om det rett og slett er farleg, er diskutert.
Tidlegare har kinesiske forskarar kome fram til at isbadarar har dobbelt så høg dødelegheit som andre. Då støtta professor i førebyggjande medisin, Maja-Lisa Løchen, ved UiT Norges arktiske universitet, teorien. Ho sa at isbading auka risikoen for blodpropp både i hjerne og hjarte.
Løchen sa også at det hjå isbadarar er målt høgare nivå av ei rekke beskyttande faktorar i blodet. Dette stemmer også godt overeins med ein artikkel på forskning.no der det kom fram at dei som badar ute på vinteren har få sjukedagar og føler seg sunnare.
– Det kan vere sunt for folk som er friske i utgangspunktet. Vinterbading kan innehalde fleire positive ting som velværet dei som badar føler umiddelbart etter eit kaldt bad. Det kan vere på grunn av samvær med dei andre isbadarane, det sosiale, meistringskjensla eller gleda, sa Løchen til KK i deira skal om isbading.
- HØYR OGSÅ:
ISBADING: På Lillehammer har isbading blitt trendy. Eirik Hatland, Henrikke Lorgen, og Bjarne Christensen er blant dei som er med i Lillehammer isbaderklubb. Foto/redigering: Ruth Barsten/NRK
Kjem ut av komfortsona
Isbadarane på Lillehammer meiner dei har det betre med bading. Der er det faste tidspunktet for bading sundag klokka ti om morgonen. Då møter vanlegvis 20 til 30 personar opp.
Eirik Hatland studerer elektroingeniør på NTNU i Gjøvik og er ein av initiativtakarane til isbadeklubben.
Han er klar på kvifor han isbadar.
– Det er for å komme seg ut av komfortsona si og kjenne på det å kunne meistre dei kalde omgjevnadane som ein eigentleg er i stand til å kunne tole, seier han.
TEKNIKK: Både Eirik Hatland (til venstre) og Bjarne Christensen (til høgre) held roa medan dei badar. Bjarne badar utan sko, hanskar og hovudplagg, medan Eirik brukar hanskar og sko.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Stressreduserande effekt
Denne dagen går dei tre mest ivrige uti Mesnadammen, men i staden for skrik og skrål høyrast kontrollert pusting, og dei er rolege.



TAR TIDA: Henrikke Lorgen i Mesnadammen. Ho testar kor lenge ho klarer å vere i vatnet.
NRK/Ruth BarstenHenrikke Lorgen er ekstra roleg i vatnet. Før ho byrja med isbading hadde ho, som fleire andre isbadarar, høyrt om nederlandske ekstremutøvar Wim Hof, eller «ismannen», og metoden der han kombinerer kuldeeksponering, pusteteknikk, og meditasjon.
I to år har ho tatt kalde dusjar kvar einaste dag.
– Eg merka korleis det hadde ein stressreduserande effekt på meg i studieperioden. Eg lærte å handtere ukomfortable situasjonar. For min del kan eg bruke det i andre situasjonar også, at eg blir komfortabel i det ukomfortable, seier Lorgen.
UTFORDRING: Bjarne Christensen (til venstre) og Henrikke Lorgen (til høgre) er rutinerte isbadarar. Dei held roa, og veit kva som skal til for å få varmen etterpå, nemleg gode klede og ei varmeflaske.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Blir rolegare
Annette Aarsland er pusteekspert og driv firmaet Pusteteknikk. Ho har kundar som driv med isbading, og som i staden for å hyperventilere slik ein gjer i Wim Hof-metoden, brukar lange utpust.
PUSTETEKNIKK: Anette Aarsland er pusteekspert, og ho stadfestar at å fokusere på pusten under isbading kan gi effekt. Her under ein pustetime med ein kunde, i desember 2018.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK– Når me pustar rolegare vil du få større blodgjennomstrøyming i kroppen, og då vil ein oppleve større ro og varme. I Wim Hof pustar dei fort, og held pusten lenge etterpå. Då vil det ha same effekt som å puste langsamt fordi CO₂-nivået i blodet vil stige, og dermed oksygenopptaket i blant anna muskulaturen, seier Anette Aarsland.
– I tillegg til å bli varmare blir du rolegare, og dette gjer deg i betre stand til å handtere og i ein slik fryktsituasjon som isbading er.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: