Hopp til innhold

Kritiserar regjeringas nye havbruksstrategi: – Dei gløymer dyrevelferden

Regjeringa vil femdoble lakseoppdretten dei kommande åra. Dyrevernarar meiner det er eit for stort fokus på pengar og for lite på dei 100 millionar fisk som døyr kvart år.

Oppdrettslaks

Oppdrettslaksen manglar ikkje måtar å møte sin skapar på. Lakselus, algar og virussjukdommar er noko av det oppdrettarar har kjempa mot dei siste åra for å berge dyra sine.

Foto: André Bendixen/NRK

Denne veka la regjeringa fram Havbruksstrategien, ein plan for oppdrettsnæringa dei kommande 10–15 åra.

Trass i at fleire kapittel av strategien handlar om berekraft og dyrevelferd, er ikkje Dyrevernalliansen nøgde med det som kjem.

Live Kleveland i Dyrevernalliansen

Live Kleveland meiner den politiske leiinga må ta meir ansvar for å betre situasjonen i oppdrettsnæringa.

Foto: Arne Vatnøy / NRK

– Her vert det synt veldig lite handlekraft ovanfor dei store utfordringane med dyrevelferd som vi har i norsk havbruk, seier kommunikasjonsleiar Live Kleveland.

– Kva meiner de manglar då?

– For det første er det heilt naudsynt å adressere den høge dødelegheita for laks i Noreg.

Kvar veke vert opp mot tjue tusen tonn oppdrettslaks til kring 60 kronar kiloen eksportert frå Noreg. I 2020 var dette ei næring verd over 70 milliardar kroner, berre i eksport.

For det er ofte slik laks vert omtalt – i tonn og millionar heller enn talet på dyr.

Men kvart år døyr meir enn 50 millionar laks i norske merdar og havfarmar. Eit like stort tal settefisk og reinsefisk går dukken årleg. Veterinærinstituttet seier det næringa gjer for å betre situasjonen ikkje ser ut til å virke.

Dette meiner Kleveland regjeringa ikkje har teke godt nok omsyn til i den nye strategien.

– Det er heilt naudsynt med konkrete tiltak som kjennast i pengepungen til oppdrettarane, seier dyrevernaren.

Og med konkrete tiltak, meiner ho at oppdrettarar bør evaluerast etter kor godt dyra deira har det. Då vil dei få ein trafikklysfarge – raud, gul eller grøn – som vil seie om dei får lov til å utvide eller må endre på drifta si.

Meiner femdobling er feil prioritering

Regjeringa har i fleire år hatt som mål å femdoble sjømatnæringa innan 2050.

Kari Torp, seniorrådgjevar for havbruk i miljøstiftinga Bellona, meiner Noreg har andre ting som må ordnast opp i før ein set seg slike vyar.

Ho trekk fram at næringa har fleire utfordringar som lus, klimaavtrykk, dyrevelferd og naturinngrep, som heller treng fokus i åra som kjem.

– Her er det jo mykje som må takast tak i før ein kan snakke om ei vidare auke i produksjonen, ikkje minst ei femdobling, seier Torp.

Kari Torp

Kari Torp er glad for at regjeringa ynskjer å fokusere på berekraft med den nye havbruksstrategien, men etterlyser ei presisering av kva omgrepet faktisk betyr og vil bety for næringa.

Foto: André Bendixen / NRK

Regjeringa: tek det alvorleg

– I Havbruksstrategien legg vi betydeleg vekt på dyrevelferd, seier Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Han har trua på at oppdrett kjem til å bli ei meir og meir viktig eksport for Noreg i framtida.

– Vi trur på vidare vekst. Vi trur at verda treng meir sunn, norsk sjømat.

– Men vi påpeikar også i strategien at høg dødelegheit er ei stor utfordring. Eg opplever også at næringa sjølv er veldig oppteken av det, nettopp fordi det er ei høg økonomisk kostnad for næringa, seier Ingebrigtsen.

Han seier at talet på lakselus per laks er ein av indikatorane som i dag er nytta for å evaluere oppdrettsanlegg. Denne ordninga er i dag under evaluering av ekspertar.

Ingebrigtsen har ikkje trua på at dyrevernarane sitt forslag vil oppnå det dei ynskjer.

– Det er ikkje noko automatikk i at nye indikatorar naudsyntvis vil bidra til betre dyrevelferd, slik Dyrevernalliansen seier.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

Odd Emil Ingebrigtsen trur sjømatnæringa vil halde fram å vere svært viktig for Noreg – og at berekraft vil vere eit nøkkelord i vidare utvikling.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / NRK