Hopp til innhold

Difor har du alltid plass til dessert

Magen og hovudet jobbar saman for at du skal ha plass til dessert. Det har ikkje noko å seie om bytter ut sukkeret med sukkerfritt, seier ekspertane.

Riskrem med lun kirsebærsaus og karamelliserte mandelflak

DESSERTMAGE: Om du er aldri så mett, vil du alltid ha plass til dessert. Magesekken utvidar seg nemleg når du et søt mat.

Foto: Jon Marius Hyttebakk / NRK

Middagen er servert i både ein og to omgangar. Du kjenner at du er heilt stappmett og ikkje kan ete noko meir.

Men så kjem riskremen eller karamellpuddingen på bordet.

Plutseleg har du meir plass likevel.

Kvifor?

Evolusjonen har sørga for at magen skal gi beskjed om at det alltid er plass til dessert.

Alltid plass til søt mat

– Eg kan ete mykje middagsmat, og så kjem desserten. Då vil eg ha fleire porsjonar. Uansett kor mett eg er.

Det seier Mio som er på juletur i Bodø.

Mio og Nora

Venane Mio og Nora er begge kjent med at dei alltid har plass til dessert.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

– Eg trur dessertmagen er større enn den vanlege magen, seier venninna Nora.

Og det er ikkje berre i Noreg vi alltid har plass til dessert. Dessertmagen ser ut til å vere eit verdsomspennande fenomen.

Ana og Ana

Venninnene Ana og Ana frå Spania er godt kjent med at ein alltid har plass til dessert, sjølv om ordet «dessertmage» ikkje finst på spansk.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

– Det kjenner vi absolutt til. Det er på same måte i Spania. Sjølv om ein er mett orkar ein litt til når det kjem ei kake på bordet, seier venninnene som begge heiter Ana.

Ikkje ein ekstra mage

Men dessertmagen er ikkje berre eit fenomen i hovudet. Det skjer faktisk noko i magen.

Simon Erling Nitter Dankel er professor i medisin og biokjemi ved Mohn ernæringsforskningslaboratorium, UiB.

Han seier at magesekken og fordøyingssystema har sensorar som reagerer på glukose og sukker.

Simon Erling Nitter Dankel, professor i medisin og biokjemi ved UiB, seier at magen og hovudet jobbar saman for å få plass til søt mat.

Simon Erling Nitter Dankel, professor i medisin og biokjemi ved UiB, seier at magen og hovudet jobbar saman for å få plass til søt mat.

Foto: UiB

– Det gjer at magesekken utvidar seg. Då kan ein ete meir, seier han.

Ein får ikkje ein mage til. Men ein får til å ete meir. Magesekken blir rett og slett litt større for å romme desserten.

Men ein treng ikkje ein gong lukte desserten for at det skal skje. Det held å tenkje på han.

– Ei forventing kan opne for det. Om ein tenker på å ete biff etter at ein har ete biff vil ein ikkje ha det, men ein ønsker alltids dessert.

Riskrem med appelsinsaus og kryddermarengs

Kroppen vår har gjennom evolusjonen utvikla seg til å sikre seg nok næring når det er tilgang på det. Særleg søt mat.

Foto: Fra Kvelden før kvelden 2015 / NRK

Det er altså både hjernen og magesekken som jobbar saman.

– Kroppen har veldig sterke mekanismar for å sørge for inntak av sukker og søtt.

Kroppen vår har gjennom evolusjonen utvikla seg til å sikre seg nok næring når det er tilgang på det. Særleg søt mat.

– Det går nervebanar frå hjernen til fordøyingssystemet. Vi er skrudd saman slik at vi skal sikre oss nok næring når vi får tilgang på det. Spesielt søte ting, seier Dankel.

Professoren seier at det også er årsaka til at vi bygger opp måltidet slik vi gjer, med desserten til slutt.

Mone Eli Sæland

Klinisk ernæringsfysiolog Mone Eli Sæland seier at sukker og søt mat gjer at innhaldet i magen blir tømt raskare over i tynntarmen.

Foto: Universitetet i Oslo/Det medisinske fakultet

Klinisk ernæringsfysiolog Mone Eli Sæland seier at det òg har noko å seie at ein får lyst på noko søtt etter ein annan smak.

– Av smaksopplevingane surt, søtt, salt, bittert, skarpt og umami er det søtt vi «toler» mest av.

Ho peiker også på at sukker gjer at mageinnhald blir tømt raskare over i tynntarmen. Det gir plass til meir.

Les også Ribbefeitt er rottenes favoritt: – Kan kome opp gjennom toalettet

Mus har gått i felle.

Sukkerfritt lurer hjernen

Men då er kanskje løysinga å kutte vekk litt av sukkeret og heller satse på sukkerfrie produkt?

Ikkje nødvendigvis, seier professoren frå UiB.

– Sukkerfri mat og drikke kan verke på same måte. Det handlar om korleis magen handterer det.

Sukkerfri julebrus

Dankel fortel at nye studiar frå våren 2022 viser at kunstig søting òg kan virke negativt på tarmfloraen.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Sukkerfri mat forstyrrar nemleg òg omsetnaden av karbohydrat i kroppen.

– Det kan virke inn på insulinreguleringa i kroppen og på stoffskiftet.

– Det er ikkje berre å erstatte sukker med kunstige søtingsstoff, seier Dankel.

Og både sukkerfritt og mat med vanleg sukker kan gjere at ein et fortare.

– Ein klarer altså å få i seg meir av denne typen mat før ein kjenner seg mett. Då bør ein passe litt på, så ein ikkje et for mykje, seier professoren.

Les også Test deg selv: Er du en ekte «julekakemester»?

­

Ernæringsfysiolog Sæland seier at sukkerfri mat også kan få blodsukkeret til å falle.

Svingande blodsukker gir auka sultkjensle. Meir av stresshormonet adrenalin kan bidra til blodsukkerstigning etter inntak av kunstig søtstoff.

Akevitt

Mange trur det hjelper på fordøyinga å drikke alkohol som akevitt til julematen. Men det seier professoren berre er ein myte.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– Kva med alkohol då, fungerer det på same måte?

– Eg trur ikkje det er alkoholen i seg sjølv, men det søte i drikken som verkar inn. Søt drikke med alkohol kan også gjere at ein føler seg litt behageleg mett.

Alkohol får også ofte blodsukkeret til å falle. Då blir ein også svolten og sugen på noko søtt, legg ernæringsfysiologen til.

Professor Dankel frå UiB påpeiker i samanhengen at det er ein myte at alkohol hjelper til på fordøyinga. Det hjelper ikkje for å fordøye den feite julematen.

Les også Norsk juleklassiker var «glemt» i 10 år før den ble gjenoppdaget

Blåtime i Strengelvåg, Øksnes i Vesterålen

Ikkje et mindre middag

Men om magen blir større av å ete desserten, er kanskje løysinga å ete litt mindre middag?

Dankel meiner det er viktigare å få i seg nok av den næringsrike maten, altså middagen.

Ribbe med sprø svor. Grønn og frisk sosekål med epler og appelsin ved siden.

Den tradisjonelle julematen har både grønsaker og anna god næring, meiner Dankel. Om ein ikkje et for mykje mat elles i året, skal ein ete det med god samvit seier professoren i medisin.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

– Julematen er i utgangspunktet veldig sunn og næringsrik. Så kjem kakene og søtsakene i tillegg.

Difor vil professoren råde folk til å nyte den tradisjonelle maten, og ikkje hive på med alt for mykje kaker.

Julematen er ein gamal tradisjon. Frå ei tid då vi trong feittet i maten.

– Er rett og slett julemiddagen for gamaldags, slik næringstilgangen er i dag?

– Det er overflod i dag som er annleis. Vi har det året rundt og endå meir i jula enn vi hadde før. Men den gode feite maten, er ikkje det forskinga tyder på er hovudproblemet for folkehelse.

Les også SAS foreslo at hunden kunne bli igjen: – Jeg synes det er en ansvarsfraskrivelse

Malin og Alfa på Bodø lufthavn

Les også Selger sjelden nazipynt på Finn: – Jeg vil ha de bort fra rommet mitt

Julekuler

Les også Quiz: Kan du disse juleordene på kvensk?

Kvensk julequiz