Hopp til innhold

Ribbefeitt er rottenes favoritt: – Kan kome opp gjennom toalettet

Jula er høgsesong for tette rør, men det er også høgtid for rottene. Her er råda for korleis du slepper å få besøk av dei.

Mus har gått i felle.

GNAG SEG GJENNOM ALT: Rotter kan gnage seg gjennom vasslåsar og kjem gjerne opp i søppelskapet, men dei kan òg kome seg opp av toalettet.

Foto: Trond-Arnt Trondsen / Privat

Ribba har vore på bordet. Alle er gode og mette, og du skal berre rydde bort før desserten.

Nett då er det mange som gjer ein stor tabbe; Heller ribbefeittet rett i sluket.

Gjer du det, kan du ikkje berre risikere tette rør, men òg eit ubehageleg besøk frå kloakken.

Gnaga seg gjennom vasslås

– I juletida når det er mykje mat og feitt, er mange ofte rask med å skylje det ut i vasken.

Det seier Trond-Arnt Trondsen, salskonsulent for Rentokil Skadedyrkontroll i Nordland.

Trond-Arnt Trondsen

Trond-Arnt Trondsen, skadedyrbekjempar og salskonsulent for Rentokill Skadedyrkontroll seier jula er høgtid for problem med rotter.

Foto: Sigrid Synnøve Øberg / NRK

– Ein tenkjer at det er ute av verda, men lenger nede i systemet kan det vere nokon som blir veldig glade for det.

I kloakken stivnar nemleg ribbefeittet. Og det likar rottene med å ete.

Særleg om du bur i ein stor by finst det mykje rottar i kloakksystema. Rottene lever i familiar, og får du ein rotte, får du gjerne fleire.

Vannlås som har blitt gnagd igjennom av rotte.

For ikkje lenge sidan blei Trond-Arnt Trondsen ringt opp av ein huseigar som hadde fått rotte i huset. Ein vasslås viste seg å vere vegen rotta hadde brukt for å kome inn i huset.

Foto: Trond-Arnt Trondsen / Privat

– Når det er kaldt ute vil dei gjerne trekke inn mot varme og hus.

Rottene kan svømme og dei kan kome opp røra.

Nyleg blei Trondsen ringt for å få has på ei rotte i eit hus nær Bodø. Den rotta hadde gnaga seg gjennom ein vasslås.

Trond-Arnt Trondsen i Rentokil Skadedyrkontroll legger frem musefeller

Sjølv om det er strengare reglar for korleis ein skal sikre hus mot gnagarar i nye hus, ser Trondsen i Rentokill at rotta likevel mange gonger finn ein veg.

Foto: Sigrid Synnøve Øberg / NRK

– Rotta kan nesten gå gjennom eld for å kome seg dit ho vil. Ho er ganske bestemt.

Men du kan få besøk av rotta på endå meir ubehagelege stader enn i ei vasslås.

– Rotta kan kome opp gjennom toalettet. Det har eg fått telefonar om.

Korleis stoppe rotta?

Men det er ting du kan gjere for å ikkje få den ubedne gjesten på besøk.

Trondsen har tre klare råd:

  1. Sjekk at bordkledningen på huset er tett
  2. Pass på at du ikkje har søppel, rot og skrot slengande rundt
  3. Ikkje plassar vedstabelen inntil husveggen
Rotte i felle

– Rotter lever saman. Får du ein er det ofte ein del av ein familie som kan yngle heile året om forholda ligg til rette, seier Trondsen i Rentokill.

Foto: Trond-Arnt Trondsen / Privat

– Kvifor må ein vere forsiktig med vedstabelen?

– Det er typisk at rotta bruker det til å klatre på for å kome seg inn i huset, seier Trondsen og legg til:

– Også lange busker som henger inn over taket er ein veg dei kan kome seg inn på.

Kva gjer ein med ribbefeittet?

Trondsen i Rentokill seier det er enkelt:

Kast ribbefeittet i søpla, ikkje i vasken.

– Ein kan til dømes kvelve feittet i ein tom mjølkepapp og vente til det stivnar. Då kan ein kaste mjølkepappen i søpla ute.

TINE med både norsk og samisk tekst på melkekartonger

Det beste rådet til Trondsen i Rentokill er å helle ribbefeittet i ein mjølkekartong, og la det stivne før ein kastar kartongen i søpla.

Foto: TINE

– Men kva gjer ein når uhellet er ute, og rotta allereie er i huset?

– Viss det er rotter inne i huset kjem dei gjerne gjennom søppelskap rundt avløp og vassrøyr. Då gjeld det å prøve å tette der, og fange med felle, seier Trondsen.

Når han kjem til eit hus med rottar sjekkar han først kledninga på huset. Sjølv på nye hus har han sett rotter finne vegen inn.

– Mange trur dei har eit hus som er sikra mot gnagarar, men så er det eigentleg ikkje det.

Trond-Arnt Trondsen i Rentokil Skadedyrkontroll viser frem skadedyrgift

Trondsen seier at han har fått telefon frå huseigarar som nettopp har flytta inn i nytt hus, men likevel har gnagarane kome inn: – Hjørne på huset er døme på stader det er vanskeleg å tette med musesperre.

Foto: Sigrid Synnøve Øberg / NRK

Han legg til:

– Om rottene får halde stand i eit hus over tid, kan dei gjere skader for hundre tusen. Dei kan skape brann og kutte røyrleidningar.

Lars Skjegstad, pressevakt i Mattilsynet seier at problem med rotter oppstår ofte når det blir kaldare i vêret og meir nedbør.

Les også Sykehus har satt opp kamera for å avsløre rotteproblem

Rentokil skadedyrkontroll hjelper Nordlandssykehuset med å fange rotter.

– Då søker gnagarar inn for å overvintre.

Han legg til at alle restaurantar må sørge for førebyggande tiltak som hindrar skadedyr i å kome inn i lokala.

– Dersom ein restaurant oppdagar skadedyr, bør dei stenge og straks sette i gang naudsynte tiltak, seier Skjegstad.

Skjegstad understrekar at det kan vere naudsynt å få profesjonell hjelp til dette.

Les også Skadedyrbekjemperne fikk mye mer å gjøre da rottene sluttet å gå på byen

Trond-Arnt Trondsen i Rentokil Skadedyrkontroll