Hopp til innhold

Fordi Bjørn såg blåkval i Vestfjorden, begynte Hege å grave i sanda

Blåkvalen var lenge utrydda i Vestfjorden, mellom Bodø og Lofoten. No er han på veg tilbake, meiner forskarane.

Kunstner Hege Gundersen har lysebrunt, krøllete og skulderlangt hår og blå t-skjorte, dongeriskjorts og tursko. Hun graver i sanda på en strand i Bodø med en rød krafse.

Hege Gundersen starta eit kunstprosjekt på ein strand i Bodø dagen etter at ho høyrde at det var sett blåkval i Vestfjorden.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Blåkvalen: Verdas største dyr og eit majestetisk syn ifølge dei som har sett han.

For Bjørn Hamran var det ein draum i 25 år.

Men ikkje éin gang som Widerøe-pilot hadde han sett ein blåkval. Ikkje før fredag kveld i førre veke.

– Vi var på veg til Svolvær. Eit lite stykke ute låg vi ganske høgt oppe. Der såg vi noko som låg og fløyt.

Blåhval i Vestfjorden fotografert av en Widerøepilot

Kvalen var om lag 30 meter lang ifølge Hamran. Difor var det ikkje rart at dei såg han på sju km hald, meiner han.

Foto: Bjørn Hamran / Privat

Sidan dei var tidleg ute fekk dei grønt lys av tårnet til å ta ein liten sveip over området på lågare høgde. Slik fekk både piloten og passasjerane tatt kvalen i augesyn.

– Det var ganske spektakulært. Ein skjønner at det er ting som er større enn oss der ute.

Forskarane seier også at dette er eit spektakulært syn. Dei siste femti åra er blåkval nemleg berre sett 2–4 gongar her.

Hamran er ikkje berre widerøepilot, han er òg styreleiar i organisasjonen Ocean Sounds.

Widerøe-pilot Bjørn Hamran har sort caps, sort piketskjorte med grå striper og solbriller. Han smiler til kameraet. I bakgrunnen synes flere mennesker som jobber på stranda med å grave og trille sand i trillebår.

For pilot Bjørn Hamran var det å få sjå ein kval med eigne auge ein draum han hadde hatt sidan barndommen. Difor blei han med på å lage kunstverket av kvalen i sanda dagen etter.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Difor sende han naturlegvis bildet til sine kollegaer der. Ein av dei er kvalforskaren Heike Vester.

Ho hadde dagen etter planar med å kunstnar Hege Gundersen om å gjere eit kunstprosjekt på ei strand i Bodø. Men dei hadde ikkje planlagt kva dei skulle gjere.

– Gåsehud på heile kroppen

Kunstnar Hege Gundersen tolka bildet frå piloten som eit teikn frå oven.

– Det er heilt fantastisk at det skjedde i natt, før vi skulle lage kunst her, seier ho.

Kunstner Hege Gundersen har lysebrunt, krøllete og skulderlangt hår og blå t-skjorte. Hun myser til kameraet på en strand i Bodø. I bakgrunnen synes flere trillebårer og en spade.

Kunstnar Hege Gundersen er veldig nøgd med at

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Laurdagen møtte ho opp på Breivika med spader og trillebår. Ho og forskarane i Ocean Sounds skal lage ein skulptur av kvalen i sanda. Slik håper dei å rette merksemd mot blåkvalen.

– Det er slike magiske tilfelle som skjer når ein jobbar ope og intuitivt. Eg får gåsehud over heile kroppen når eg tenkjer på det, seier Gundersen.

Blåhval i Vestfjorden fotografert av en Widerøepilot (høydeformat er best).

Mange turistar hang over vindauga for å få bilde av kvalen då dei flaug ein runde rundt han, fortel widerøepiloten.

Foto: Bjørn Hamran / Privat

Kvalforskarane i Ocean Sounds drog ut for å leite etter kvalen etter at dei hadde fått bilde av Hamran. Men det var for mykje nordavind og for høge bølge. Difor fann dei han ikkje.

– Dette prosjektet er viktig for at vanlege folk får lære om kvalen. Slik kan vi fortelje at det faktisk finst blåkval her, seier forskar Vester.

Les også Havnet i basketak med knølhval: – Det ble et helsikes smell

Knølhval som er fanget i et garn

Fleire grunner til at kvalen kjem tilbake

Blåkvalen var ein av dei første kvalane som blei jakta på for kvalolje. Slik blei han tilnærma utrydda. Nokon seier at 99 prosent av bestanden forsvann.

– Eg har jobba med kvalar sidan 2005 utan å sjå ein einaste blåkval. Men for to år sidan såg vi den første kvalen i området. Og denne helga såg vi den andre.

Hvalforsker Heike Vester smiler til kamera. Hun har hvitt hår i en hestehale og en lyseblå t-skjorte med en blåhval på og teksten Ocean Sounds. I bakgrunnen synes deles av stranden Breivika i Bodø.

Kvalforskar Heike Vester fortel at dei leita etter kvalen i Vestfjorden for å få eit lydopptak av han. Ocean Sounds viser ofte fram lyden til kvalane for å

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Vester meiner dette betyr at blåkvalen er på veg tilbake.

Ho trur det kan vere to årsaker til dette no skjer:

  1. Fordi det blir slutt på kvalfangst kjem heile populasjonen tilbake.
  2. På grunn av klimaendringar og varmare hav blir det meir plankton i nord.

Marit Reigstad, professor i marin biologi ved UiT fortel at det er litt vanskeleg å seie om det blir meir plankton.

Fytoplankton

Marit Reigstad, professor i marin biologi ved UiT fortel at lysforholda ikkje endrar seg med klimaendringane. Difor treng ikkje den tidlege våroppblomstringa vere ein konsekvens av klimaendringane.

Foto: NASA

– Det kan vere at det blir fleire av dei, men det er mindre artar.

– I et varmare hav blir artane ofte litt mindre. Dei handterer endringane betre, seier ho.

Det fortel ho er ein direkte konsekvens av klimaendringane. Somrane i nordområda blir lengre, difor skjer våroppblomstringa av plankton når det enno er lite næring.

Forskinga på plankton viser òg at det er meir blåkval i området rundt Svalbard. Difor kan ein seie med sikkerheit at bestanden er på veg opp.

Les også Alarm skremmer kvalane vekk: – Høyrast ut som isopor mot glas

KUN 1 GANGS BRUK: Lydsignaler mot hval

Les også Hvalkamp: Høyre-topp vil skyte mer og markedsføre hval i utlandet

Thorheim skjærer hvalkjøtt, med én fra mannskapet på hver side.

– Handlar om god regulering av fisk

Audun Rikardsen, kvalforskar ved Universitetet i Tromsø, fortel at det er fleire artar som har hatt ein oppgang dei siste åra.

Det har òg blåkvalen hatt. Men sidan han er ein spesialist på dyreplankton har det gått litt saktare enn for knølkval og finnkval som er meir fleksible i matvegen.

– Det er eit godt teikn at kvalbestandane veks generelt, seier Rikardsen.

Hvalforsker Audun Rikardsen

Kvalforskar Audun Rikardsen seier at han kjenner til eit par tilfelle av observasjonar av blåkval i Vestfjorden dei siste åra. – Vi veit at blåkvalen er på veg tilbake, i alle fall til ein viss grad.

Foto: ODD ARNE OLDERBAKK / NRK

Han meiner god forvalting av bestandar som sild og lodde truleg er årsaka til at ein ser meir kval langs kysten, i tillegg til at ein har stoppa fangst på dei fleste kvalartane.

Også hos vågekval, som ein framleis driv fangst på, aukar bestanden.

– Det handlar om at vi har god regulering av arten. Då det var fangst på andre artar tidlegare, var det ikkje regulering i det heile tatt, seier han.

Spekkhogger spytter ut sild

Ein ser også meir spekkhoggar i Noreg enn før. Ifølge Rikardsen er det den einaste staden i verda der spekkhoggarbestanden aukar.

Foto: Geir Lundli / NRK

Det er ikkje berre forskarane som håper bestanden er på veg opp. Det gjer òg widerøepiloten.

– Om vi er heldig er det ikkje siste gong vi ser han i Vestfjorden, seier han.

Les også Under 100 driv med det same som Ingrid (20): – Venene mine er opprørte over yrkesvalet mitt

Ingrid Malene Nygård har på seg svart og blå kjeledress og står i baugen på hvalfangsskipet "Marie" sammen med skytteren i mannskapet. Bak dem er hvalarpunen, hav og fjell.

Les også Fant illeluktende hvalkadaver på populær badestrand – fortviler over at ingen vil ta ansvar

hval strandet i Telegrafbukta ved Løp i Bodø