Hopp til innhold

Bjørn Kjos lovar å fly frå omdiskutert flyplass

Staten gjev 1,5 milliardar kroner til ny storflyplass på Helgeland, men Noregs største flyselskap var usikre på om dei i det heile teke ville bruke flyplassen. Men no lovar Norwegian-direktør Bjørn Kjos å lande på Helgeland.

Bjørn Kjos

HUMRANDE POSITIV: Bjørn Kjos er kjend som ein mann som ser lyst på moglegheiter. No ser han noko på Helgeland SAS ikkje ser.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Sjølvsagt kjem vi, humrar administrerande direktør i Norwegian Bjørn Kjos.

Etter mange års lokal krangling, vedtok regjeringa i april å gje 1,47 milliardar kroner til ein ny storflyplass i Rana kommune på Helgeland. Men om passasjergrunnlaget i regionen forsvarar investeringa, har vore omdiskutert, og fleire rapportar sprikar i alle retningar.

I april spurte NRK Norwegian og SAS om dei ville fly frå den nye flyplassen. Det ville ingen av dei love, særleg var SAS skeptiske og frykta at flyplassen berre ville føre med seg auka utgifter. Men no snur Norwegian.

– Helgelandskysten er fylt med ei rekke perler, og eg er sikker på at folk kjem til å reise dit på ferie, seier Kjos.

Polarsirkelen lufthavn, Hauan

TRENG JETFLY: Det er brei einigheit om at den nye flyplassen på Helgeland må ta i mot store passasjerfly for å vere samfunnsnyttig. Difor er Kjos sitt fråsegn gode nyhende for Hauan-prosjektet.

Illustrasjon: Polarsirkelen lufthavnutvikling

Kjos er positiv – som alltid

Norwegian-sjefen har også tidlegare stilt seg positiv til flyplassprosjektet, og meinte det burde vere mogleg med heile fire daglege direkteavgangar med deira store jetfly. Men no kjem han med lovnader.

– Denne regionen har ikkje akkurat vore bortskjemd med flyplassutbyggingar, seier Kjos.

– Men det kan du love, at Norwegian vil fly herifrå?

– Ja, klart vi skal det, seier Kjos.

Lasse Sandaker Nielsen

IKKJE LIKE SMILANDE: Kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian var ikkje like humrande positiv som Bjørn Kjos om Norwegian si rolle på ein ny Helgeland-flyplass.

Foto: NRK

Dette står i kontrast til det kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian sa til NRK i april:

– Det er altfor tidleg å sei noko om selskap vil nytte flyplassen og kva ruter som då eventuelt vil vere aktuelle. Alle store samferdsleprosjekt har ein prislapp og vi er uroa for at ei utbygging som dette vil føre til auka avgifter for flyselskapa, og då også høgare billettprisar for kundane, sa Sandaker-Nielsen.

Usemje om passasjerar

Mange forskingsrapportar har blitt skrivne om Hauan-flyplassen og passasjergrunnlaget. Dei varierer mellom 164.000 passasjerar i året i 2025 og heilt opp til nær 400.000. Rapportane bestilt av Samferdsledepartementet syner ikkje noko grunnlag for store jetfly, men næringslivet meiner den rapporten er mangelfull.

Det er altso debatt kring passasjergrunnlaget for flyplassen – ein debatt SAS ser annleis på enn Bjørn Kjos:

– I utgangspunktet er det positivt med ein stamflyplass mellom Bodø og Værnes, men Hauan-prosjektet er ikkje ei løysing for heile Helgeland. (...) Det vert eit svært svakt trafikkgrunnlag, sa direktør for samfunnskontakt i SAS, Ove Myrvold, til NRK i februar 2016.

Men trass i usemja har Kjos trua på Helgeland.

– Ein må jo ha noko rundt ein slik flyplass. Helgeland har massevis av naturperler, og då seier det seg sjølv at der vert passasjerar, seier Kjos.

SAS fly på bakken

HELD SEG PÅ BAKKEN: SAS sine fly vert nok ikkje dei fyrste som tek av eller landar på Hauan.

Foto: Krause & Johansen

– Utanlandsreiser er mogleg

Betre moglegheiter for å kome seg til Oslo er ikkje einaste argument for Hauan-flyplassen. Både næringslivet og no også Norwegian ser moglegheiter i både inn- og utgåande turisme.

Norwegian-direktøren peikar på storbyar, til dømes London, som aktuelle reisemål.

– Men det er kanskje enklare å satse på Spania der folk reiser til og frå ferie, seier Kjos.

Den lille befolkningen på Jan Mayen fikk varmesjokk i dag. Norwegian-sjef Bjørn Kjos stikker innom. I Steigen demonstrer barn og voksne mot foreslåtte nedskjøringer. Dette er Nordland i Dag: Programleder er Tore Gjerløw.

Høyr Bjørn Kjos som gjest i NRK Nordland si radiosending «Nordland i dag».