NRK Meny
Normal

Kan vi stole på forsking?

Kan vi stole på ein forskingsrapport når den er bestilt av ein aktør med eigeninteresse? – Forsking kan misbrukast. Det tykkjer eg er uheiderleg, seier vitskapsetikar Vidar Enebakk.

Polarsirkelen lufthavn, Hauan, Mo i Rana

EIT DØME: Polarsirkelen Lufthamn på Helgeland er eit døme på eit større prosjekt, der mange aktørar har bestilt rapportar som syner motstridande resultat.

Foto: Nordic - office of Architecture

– Politikarar og andre aktørar kan trekkje fram utgreiingar og analysar som uavhengig forsking for å støtte eigen sak eller politikk. Det tykkjer eg er uheiderleg, seier Vidar Enebakk.

Han er sekretariatsleiar for Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora, altso ein vitskapsetikar.

Når prosjekt som angår mange, og som har store konsekvensar for samfunnet vert diskuterte, vert det som oftast laga eit utal av rapportar og utgreiingar. Desse er bestilt av alt frå interesseorganisasjonar til statlege departement, men kan vi stole på at denne forskinga er uavhengig?

Vidar Enebakk

FORSKINGSETIKK: Vidar Enebakk jobbar med forskingsetikk, og er oppteken av at politikarar og dei som tek avgjerder ikkje misbrukar kunnskap.

Foto: Trond Isaksen / De nasjonale forskningsetiske komiteene

Same sak – forskjellige resultat

I 2015 bestilte Samferdsledepartementet ein rapport om Hauan-flyplassen frå Urbanet. Dei undersøkte passasjergrunnlaget i regionen, og konkluderte med at det truleg ikkje er grunnlag for å nytte jetfly, noko som vert viktig for at flyplassen skal verte samfunnsøkonomisk nyttig.

Nyleg kom Møreforsking med ein ny rapport, der dei meiner Hauan-flyplassen vil gje ein samfunnsmessig gevinst på 1,2 milliardar kroner. Dette er eit heilt anna resultat enn det Urbanet kom fram til i sin analyse.

Polarsirkelen lufthavn, Hauan

NAUDSYNT MED JETFLY: Større passasjerfly er eitt av hovudargumenta å gjere Hauan-flyplassen samfunnsnytting. Likevel er det usemje om flyplassen har passasjergrunnlag nok til å støtte bruk av slike fly.

Foto: Polarsirkelen lufthavnutvikling

Usemje om resultatet

– Kvifor syner dykkar forsking so forskjellige resultat?

– Eg tykkjer det er interessant, seier Svein Bråthen ved Møreforsking. Han var prosjektleiar for den siste rapporten dei kom med.

Svein Bråthen

SPANANDE: Svein Bråthen tykkjer det er spanande når to forskingsrapportar motseier kvarandre sine resultat, og ser fram mot korleis dei som tek avgjerda vil vurdere desse.

Foto: Heidi Fagna / NRK

– Det er utfordrande for oss forskarar, når vi står ovanfor slik ei kompleks problemstilling. Det er mange måtar å gå fram på, og eg trur vi får forskjellige resultat grunna metodeval og bruk av ulike verktøy.

– Alle veit jo at forskarar av og til er ueinige om bruk av verktøy og metodar. Eg trur det er dette som driv verda framover, seier Bråthen.

Møreforsking og Bråthen laga rapporten på oppdrag frå Polarsirkelen Lufthamnutvikling, som er ein interesseorganisasjon som jobbar for å få bygd Hauan-flyplassen.

Samferdsledepartementet bestilte i 2015 ein rapport om temaet frå Urbanet Analyse. På same spørsmål om kvifor resultata er so annleis svarar Bård Norheim, leiar for Urbanet det same som Bråthen;

– Me har nytta ulike metodar. Eg har stor respekt for Svein Bråthen og Møreforsking, men tykkjer at resultatet dei fekk var oppsiktsvekkande høgt. Eg trur dei rekna med metodar som var svært optimistiske, seier Norheim.

Motstridande forskingsresultat i NTP

USEMJE: På side 117 i Nasjonal transportplan 2018–2029 er den motstridande forskinga omtalt.

Foto: Illustrasjon / NRK

– Er dykkar rapport uavhengig forsking?

– Ja, absolutt. Vi er ein uavhengig forskingsinstitusjon og baserer vår verksemd på uavhengige prinsipp. Alt me gjer kan i prinsippet testast av andre. Vi vil vere opne om det me gjer, so vår forsking er etterprøvbar og dokumentert, seier Svein Bråthen.

Her har ikkje Urbanet heilt same svaret;

– Eg vil kalle vår rapport ei uavhengig utgreiing. Samferdsledepartementet staka ikkje ut nokon kurs for oss, men vi nytta prognosar som blei laga tidlegare. Difor vil eg ikkje kalle det eit fullstendig forskingsprosjekt. Men den var uavhengig og fri, seier Norheim.

Norheim seier han trur Møreforsking nytta ein modell som var svært optimistisk. Han trur ikkje dei kommersielle aktørane som skal fly til flyplassen er like oppstemte som Møreforsking håpar dei er.

Bård Norheim

USIKKER PÅ GRUNNLAGET: Bård Norheim er usikker på om det var best å bruke svært positive forhåpningar om flyselskapa. Om det ikkje vert like stor konkurranse som Møreforsking håpar, vert overskottet frå prosjektet mindre.

Foto: Kjartan Rørslett

Forsking kan misbrukast

Det er forskjell på forsking. Enebakk fortel om to hovudgrupper som vert brukte i prosjekt som flyplassen på Helgeland:

– Problem oppstår då dei som bestiller forskinga legg føringar på metodeval, reserverer seg retten til å halde tilbake uønskte resultat eller vil påverke tolkinga. Då er forskinga ikkje lengre uavhengig, seier Enebakk.

Enebakk ser også på at politikarar og andre som tek avgjerder kan forenkle eller vri på resultata av ei utgreiing til å stå fram som eit fullstendig forskingsprosjekt.

Trine Skei Grand på Venstres landsmøte i Ålesund 2017.

FANN PÅ FORSKING: Venstre-leiar Trine Skei Grande fortalde sitt landsmøtet sitt om forsking som støttar regjeringa si satsing på vidareutdanning av lærarar. Ingen har forska på dette enno. Grande attga forskinga feil. Enebakk kommenterte ikkje Grande sitt fråsegn.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det kan spreie er førestilling om at forsking berre kan kjøpast, og dette kan i neste omgang føre til eit dårleg offentleg ordskifte, seier Enebakk.

– Ikkje skyt bodbringaren

– Ikkje skyt bodbringaren. Forskarane gjer som oftast ein god jobb, men fordi det er vanskeleg å formidle uvisse og nyansar, er det lett for politikarar å vri forsking i si retning, seier Enebakk.

– Kan publikum sjølve kvalitetssjekke forskinga politikarane brukar?

– Det er ganske krevjande. Ein kan jo sjekke kva kontraktane mellom oppdragsgjevar og forskarar seier, og etterpå samhandle dette med forskarane sine konklusjonar og bruk av desse, men dette er svært arbeidsamt. Eit alternativ er å løfte det til eit nasjonalt nivå, og sørge for at me har eit system som er til å stole på, seier Enebakk.

Ein kan bruke kunnskap og ein kan misbruke kunnskap. Vi må berre halde auga opne om nokon gjer det.

Vidar Enebakk