Hopp til innhold

Denne sjukeheimen har ikkje brukt vikarbyrå på 20 år

Mørkved sjukeheim skil seg ut frå mange andre. Dei har lågast sjukefråvær av alle sjukeheimane i Bodø, og har ikkje mangel på sjukepleiarar.

Virksomhetsleder Merete Kristensen og sjukepleier Karoline Johnsen.

Leiar Merete Kristensen og sjukepleiar Karoline Johnsen er stolte over at dei greier seg utan dyre vikarar.

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

Norske helseføretak og kommunar brukar mykje pengar på vikarverksemd.

I 2022 brukte dei nærmare 3,6 milliardar kroner på sjukepleiarvikarar. Over 2,6 milliardar kroner vart brukt i kommunane.

Og det blir også gjerne brukt vikarbyrå, som er omtalt som veldig dyrt.

Men ein sjukeheim i Bodø ser ut til å ha knekt koden.

Mørkved sjukeheim har ikkje brukt vikarbyrå sidan 2004, skriv fagbladet Sykepleien.

– Det er ein god plass å vere. Det er gode kollega, god leiing og ikkje minst givande arbeid.

Det seier sjukepleiar og leiar for dei tillitsvalde NSF på Mørkved sjukeheim, Karoline Johnsen.

Ho har jobba på sjukeheimen i 14 år. Og det er fleire grunnar til at sjukeheimen får ting til å fungere så bra.

Innføre årsturnus for å kunne planlegge

Mørkved sjukeheim i Bodø blei tidleg ein Livsgledeheim.

Merete Kristensen, verksemdsleiar ved sjukeheimen, seier dei kvar dag prøver å gjere det beste for dei som bur der. Og dei legg ned mykje hardt arbeid for å få det til.

– Alle saman er her for å gjere den beste jobben for pasientane kvar einaste dag. Og det gjennomsyrar oss.

Men det viktigaste er kanskje kva dei har gjort for å sørge for stabilitet både blant dei tilsette og i leiarskapen.

Les også Buddy er ansatt i 20 prosent stilling på sykehjemmet

Hunden Buddy har fast jobb på Mørkved Sykehjem. Han skaper trivsel og passer på alle sammen.

– Vi har gjennom mange år kunna bygge opp kulturen vår, for det handla om kva for verdiar vi har, måten vi jobba på og kva som er viktig i kvardagen her.

Kristensen trur ein av hemmelegheitene til suksessen er at dei tilsette har årsturnus og moglegheita til å planlegge eigen arbeidsplan.

– Det er ikkje alt ein får av ønske, for vi må sjå at drifta er forsvarleg og det har våre tilsette stor lojalitet til. Men dei får påverke kvardagen sin.

Sjukepleiarane og helsefagarbeidarane får då planlegge eit heilt år fram i tid kor tid dei kan ha fri, jobbe lengre samanhengande, og dei får vite korleis jul og påske ser ut.

– At folk kan vere med på å lage sin eigen arbeidsturnus i samband med tillitsvalde og verneombod er viktig. Dette veit dei eit år i førehand og det er veldig føreseieleg.

Det skal seiast at dei brukar vikarar på Mørkved. Men ikkje kven som helst.

Les også Ida (27) jobbar heller i bilbransjen: – Takk for meg, sjukepleiaryrket

Ida Julie Amundsen - tidligare sjukepleiar tar ein selfie i spegelen med sjukepleiaruniform.

Satse på faste vikarar – skaper tryggleik

Over heile landet aukar vikarbruken i på sjukeheimane.

Aukinga var på nesten femti prosent frå 2021 til 2022.

Statistikken viser at det er Nord-Noreg og Vestlandet som bruker mest på vikartenester per innbyggar. Det henger samen med at mange av kommunane er små.

Leiar i Norsk sjukepleiarforbund, Lill Sverresdatter Larsen har tidlegare sagt at vikarbruken er for høg.

Og heller ikkje Mørkved sjukeheim slepp unna å nytte vikarar.

– Vi har mange gode vikarar som kjem tilbake og som er her i feriar og jobbar hos oss. Og har gjort det i mange år, då er vi trygg på dei. Vi veit at dei gjer ein god jobb når dei er her. Vi kan stole på dei, seier sjukepleiar Karoline Johnsen.

Sjukepleiar Karoline Johnsen står overfor en tom seng og styrer med en løftestol.

Sjukepleiar Karoline Johnsen meiner ho har eit givande arbeid. NRK har snakka med nokre av dei som bur på sjukeheimen. Det seier det er ein fin stad å bu med kjekke folk.

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

Verksemdsleiar Merete Kristensen er einig.

– Som alle andre har vi folk som sluttar og vi treng nye folk. Vi merker veldig godt at det er mangel på fagfolk ute, både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Så vi prøvar å halde på dei som er her.

Ein annan grunn til at Merete Kristensen og sjukeheimen klarar å halde på dei tilsette er fordi dei legg til rette for kompetansebygging.

Dele kunnskapen med kvarandre

Sjukeheimen ligg i nærleiken av Nord Universitet, så kunnskapen ligg nesten rett rundt hjørnet.

– For at vi skal få til å gi den beste pleia til våre pasientar og vere mest kompetent så må vi jobbe i lag. Det nyttar ikkje å berre ha ei stjerne hos oss, vi må ha mange stjerner.

Så når til dømes Karoline lærer seg noko, må ho dele det med nestemann.

– Den kunnskapen vi får inn her, deler vi og brukar den felles, seier Merete Kristensen, som har jobba på sjukeheimen i 20 år.

Hennar råd til andre leiarar er å vere til stades, ta opp konfliktstoff og trekke fram kompetanse.

Les også Asbjørg og Anne-Lise er sommergjester på sykehjem: – Et strålende tilbud

Asbjørg Johansen og Anne Lise Bråstad ute på verandaen på sommeravlastninga på Sølvsuper i Bodø.

Ta tak i konfliktar og bruk humor

– Vi er ikkje glad når nokon sluttar, då prøvar vi å halde dei tilbake att.

– Går alt berre på bra her?

– Nei, slik som alle andre så har vi konfliktstoff, og her er utfordringar i kvardagen, men vi jobbar med å ta det ned, diskutere det og lager felles forståing rundt dei problemstillingane vi har.

Dei gjer også stas på kvarandre så ofte dei kan. Til dømes med pizza ei og anna helg.

– Vi har mykje humor, og vi ler. Vi lagar gode dagar for kvarandre, avsluttar verksemdsleiar Merete Kristensen ved sjukeheimen på Mørkved i Bodø.

Les også Sesongens store virus-guide

VIRUS, VIRUS: Symptomer, inkubasjonstid, prognoser. Her får du en gjennomgang av de virusene du kanskje må stifte bekjentskap med i høst.

Sjukepleiarforbundet: – Eksepsjonelt og uvanleg

– Dette er eit veldig eksepsjonelt eksempel, og det er veldig uvanleg, seier Gjertrud Helene Krokaa, leiar for Sjukepleierforbundet i Nordland.

Ho peiker på at det er uvanleg både i Bodø og på landsbasis med ein sjukeheim som ikkje bruker vikarbyrå.

Gjertrud Krokaa, leder i Norsk sykepleierforbund, Nordland

Gjertrud Helene Krokaa, leiar for Sjukepleierforbundet i Nordland kjenner til sjukeheimen på Mørkved frå før, og kjenner ikkje til nokon andre som har klart det same.

Foto: Sykepleien

– Det Mørkved sjukeheim har fått til burde alle andre lære av. Dei har eit godt arbeidsmiljø som det ryktes av.

Det gjer at dei har mange søkarar på ledige stillingar. Det er sjeldan vare, seier Krokaa.

– Lønn er sjølvsagt viktig, men det er enno viktigare at det er ein god arbeidsplass.

Som dei tilsette ved sjukeheimen meiner ho at nøkkelen er arbeidsmiljøet.

– I tillegg må vi lære av Mørkved på kor gode dei er til å lytte til dei tilsette.

Les også Sjekk den babyboomen: Seks kollegaer gravide samtidig

Hele seks av sykepleierne ved Gravdal sykehus i Lofoten er gravide samtidig. Her sitter de samlet inne på sykehuset, hvor de fortsatt er i jobb.