Hopp til innhold

YS krev at kystdirektøren går av

YS meiner Kystverket driv ein uhaldbar arbeidsgjevarpolitikk når lostenesta i Noreg no vert privatisert.

Losbåt i Trondheim

Losbåtane fraktar losane ut til skipa. Tenesta vert privatisert over nyttår.

Foto: Kjartan Ovesen/NRK

Tysdag kom det fram at losbåtane skal privatiserast frå og med neste år. I alt 115 losbåtførarar kan miste den statlege jobben sin når tiltaket er gjennomført.

– Det er klart at mange vert usikre når jobben deira blir sett ut på anbod, men dette er eit politisk vedtak, sa kystdirektør Kirsti Slotsvik til Nynorsk pressekontor.

Nyheita får YS til å steile.

Kirsti Slotsvik, kystdirektør

Kystdirektør Kirsti Slotsvik får skarp kritikk frå YS for handteringa av privatiseringa av losbåttenesta.

Foto: Kjartan Ovensen, NRK

– Det er ikkje til å tru at kystdirektøren seier opp alle 115 losbåtførarane, på strak arm og det gjennom media. Kystdirektøren har på toppen av det heile latt vere å varsle dei tilsette om oppseiingane, seier YS-leiar Jorunn Berland i ei pressemelding.

Kritiserer Kystverket

Ifølgje arbeidstakarorganisasjonen er det fullt mogleg å konkurranseutsette utan å seie opp tilsette – ved å sjølv stille som tilbydar. Det kystdirektøren gjer no er å kortslutte prosessen, meiner YS.

– Vi er inneforstått med at det vil kome store endringar i heile lostenesta, og ikkje minst i tilbringartenesta. Men vi forventar ein prosess som tek vare på rettane til dei tilsette. Informasjonen må kome gjennom avtalefesta prosessar – ikkje gjennom media, seier Ingerid Bjercke som er YS-leiar av losbåtførarforbundet STAFO.

– Ikkje rett at dei mistar jobben

Kommunikasjonsdirektør i Kystverket, Solveig Moe Frøland, seier prosessen knapt har starta.

– Vi har fått i oppdrag frå regjeringa å gjennomføre denne endringa i tilbringartenesta. Vi vurderer no innrettinga av konkurranseutsettinga, og denne prosessen har så vidt kome i gong, seier ho.

– YS reagerer på måten nyheita har kome ut på og at dei tilsette ikkje har fått beskjed. Kva er din kommentar til det?

– Då lovproposisjonen vart sett over til Stortinget 11. april, informerte vi umiddelbart alle tilsette om innhaldet. Så det stemmer ikkje at dette er noko som kjem brått på, seier Frøland.

Kjenner seg ikkje att i kritikken

Kystdirektør Kirsti Slotsvik kjenner seg ikkje att i kritikken frå YS.

– Utgangspunktet er at eg ikkje har sagt opp nokon. Då har eg heller ikkje sagt at eg har sagt opp nokon. Det vi er opptekne av no, er at vi får ein prosess der vi både kan konkurranseutsette og samstundes ta vare på dei tilsette, seier ho.

Slotsvik meiner derfor at YS har vore vel raske på avtrekkaren med utspelet om å be ho gå av.

– Eg synest det er spesielt å at dei dreg ein konklusjon ut frå noko dei har lest i media. Det forundrar meg at dei ikkje tek kontakt med oss for ei klargjering. Vi er blant anna i dialog med våre hovudtillitsvalde – ein dialog eg oppfattar som god – så eg kjenner meg ikkje i utspelet frå YS.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL