Hopp til innhold

Ynskjer Snowden velkomen

Både ordførar i Molde og leiar i Bjørnsonfestivalen ynskjer Edward Snowden hjarteleg velkommen til Molde for å ta imot Bjørnstjerne Bjørnsonprisen 2015.

Ynskjer velkomen: Ordførar i Molde og leiar i Bjørnsonfestivalen ynskjer Edward Snowden hjarteleg velkommen til Molde.

– Det vert no retta ein førespurnad til både statsminister og justisminister, og under føresetnad at dei aksepterer at Snowden kjem inn i Noreg, så er han sjølvsagt hjarteleg velkomen til Molde, seier ordførar i Molde, Torgeir Dahl.

Tysdag blei det kjent at Bjørnson-akademiet gir Bjørnstjerne Bjørnsonprisen 2015 til Edward Snowden.

Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, ynskjer Snowden velkomen til Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Amerikanaren får prisen den 5. september for arbeidet og det han personleg har ofra for ytringsfridom og personvern i kampen mot statleg, ulovleg overvaking både i og utanfor USA.

– Eg synst Bjørnson-akademiet har gjort eit veldig dristig og ganske kontroversielt val når det gjeld årets prisvinnar. Eg trur det reiser ein viktig debatt, seier Dahl.

– Snowden blir det

31-åringen avslørte USA si overvaking av andre statar i 2013, og har vore på flukt frå amerikanske myndigheiter som meiner Snowden er ein spion.

Rolf Orø

Leiar for Bjørnsonfestivalen, Rolf Orø, håpar det er mogeleg at Snowden kjem til Molde i september.

Foto: Roar Strøm / NRK

Snowden bur no i skjul i Russland etter at han fekk forlenga opphald med tre år.

– Det hadde vore frykteleg spanande om me klarte å få Snowden hit, seier leiar for Bjørnsonfestivalen, Rolf Orø.

– Kjem han ikkje sjølv, så har me backup-planar. Me kan gjere ein direkte videosamtale, og skulle teknikken svikte så har me eit videointervju i baklomma. Snowden blir det, det kan me garantere, legg han til.

Trur det er mogeleg

Etter at det vart kjent at Snowden kan komme til Noreg for å ta imot Bjørnstjerne Bjørnsonprisen 2015 har Bård Vegar Solhjell oppfordra stortingspolitikarar til å gi klarsignal til regjeringa om å sikre Snowden eit trygt opphald i Noreg.

Leiaren for Bjørnsonfestivalen, Rolf Orø, trur det er mogeleg å få Snowden til Molde.

– Slik eg har forstått det så er det folk som har undersøkt dette, og det er visst mogeleg at politikarane kan seie at me kan få til dette. Det er jo eit spørsmål om vilje, seier han.

Ordførar Torgeir Dahl trur det blir krevjande å få Snowden til Molde, men seier dei har beredskap som skal gjere det mogeleg å ta imot amerikanaren.

– Eg trur det kan vera vanskeleg å få Snowden hit, men eg skulle ynskje det lar seg gjere. Det ville vore ei god anledning til å diskutere desse sakene i djupna, seier Dahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL