Hopp til innhold

Ynskjer bomfritak på Vågstrandstunnelen

725 tonn sprengstoff måtte til for å danne Vågstrandstunnelen. Siste salve gjekk torsdag, og for tunnelstrekninga ynskjer Raumaordføraren bomfritak.

Eit anna tunnelprosjekt hadde også ein merkedag i dag. Tradisjonen tru fann Statens vegvesen fram dyre dråpar når siste sprengladning sørga for gjennomslag i ny tunnel.

51 uker etter første salve fekk Raumaordføraren telle ned til den salve 755 i Vågstrandtunnelen.

– Det var jo ein milepæl å få gjennomslag i ein tunell, det er ei stor hending for dei som har jobba med det, seier Lars Olav Hustad som er ordførar i Rauma kommune til NRK.

Den 3665 meter lange tunnelen mellom Måndalen og Vågstranda skal åpne til jul, utbygger ligg etter tidskjema og må holde tempoet oppe.

– Me er på veg med eit heilt naudsynt samferdselsprosjekt i kommunen og regionen, seier Hustad.

Ynskjer bomfritak

Tysdag møtte Lars Olav Hustad samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i Molde. Då nytta han tida til mellom anna å ta opp bomfritak på Vågstrandstunnelen.

– Den bompengeinnkrevjinga som er planlagt her har me håp om at den ikkje blir iverksett, seier Hustad.

– Vågstranda og innbyggjarane der blir veldig hardt ramma i og med at det er bom uansett om dei skal til Åndalsnes, Måndalen, eller om dei skal til Vestnes, eller til Molde eller Ålesund, seier han og legg til at han tykkjer det er urett at dei skal vere innestengt av bommar uansett kvar dei skal.

Trur det er mogeleg å unngå bom

Hustad skal fylgje opp saka og vil be om eit eige møte med samferdselsministeren om ein månad eller to.

– Håpet er der sjølvsagt, og eg trur det er realistisk å tenkje at me kan unngå bom, men eg har ikkje alt for stor forventningar, seier Hustad.

– Då er det betre å vere litt pågåande og jobbe i det langsiktige laup, og så kan det kanskje gi resultat til slutt, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL