Hopp til innhold

Wolff Eikrem utlending i Eliteserien

Molde sin heimhenta spelar Magnus Wolff Eikrem blir rekna som utlending i årets eliteserie.

Magnus Wolff Eikrem

UTLENDING: Magnus Wolff Eikrem har vendt heim til Molde frå England, men blir no rekna som utlending i norsk fotball.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Spelaren vaks opp berre steinkast frå Molde sitt treningsfelt på Lubbenes, men blir likevel rekna som utlending i norsk fotball, skriv Romsdals Budstikke .

Grunnen er ein internasjonal regel som seier at spelarar som har vore tre sesongar i utlandet etter at dei vart 15 år skal reknast som utlendingar.

- Meiningslaust

Det gjeld dermed også Wolff Eikrem sitt opphald i Manchester United.

- Eg syns det blir meiningslaust at eg tek opp plass i kvoten fordi eg har budd fire år av mitt liv ein annan stad, seier han til avisa.

Norske klubbar kunne tidlegare ha elleve såkalla frie spelarar i ein tropp på 25. No er den regelen fjerna, men berre ni spelarar kan vere med til kvar kamp. No har MFK elleve slike spelarar i troppen.

- Heilt tullete

Ole Gunnar Solskjær

- TULLETE: Det syns MFK-manager Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dermed må to utanlandske vrakast før kvar kamp.

- Det er heilt tullete at Magnus, som vaks opp bort i gata her, skal reknast som utlending, seier Ole Gunnar Solskjær.

Men trass i reglementet. Mot Sarpsborg i fyrste runde fredag blir i alle fall Eikrem med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL