Hopp til innhold

Wemberg klar for Molde

18 år gamle Krister Wemberg er klar for spel for Molde. Han forlet Østfold-klubben MFK og sluttar seg til Møre-klubben MFK.

Krister Wemberg

Krister Wemberg har vore i Molde nokre dagar. Då overgangsvindauget stengde var det klart at han hadde klart den medisinske testen.

Foto: Espen Torgersen / NRK

Midstopparen kjem frå førstedivisjonsklubben Moss, og har signert ein fireårs-kontrakt med Molde.


Wemberg skal no ut på landslagsoppdrag for Norge, før han sluttar seg til Molde fotballklubb.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL