Hopp til innhold

Warholm får dialektpris

Fridrettsutøvar Karsten Warholm frå Ulsteinvik får dialektprisen frå Norsk målungdom. Warholm får prisen for å vera ein stolt ambassadør for dialekta si.

– Han er ikkje berre verdsmeister i hekk, men òg i dialekt, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland i ei pressemelding. Prisen blei delt ut første gong i 2001.

Norsk Målungdom har kåra Karsten Warholm til vinnaren av Dialektprisen 2022.
Foto: Jógvan Helge Gardar / Norsk Målungdom