Hopp til innhold

– Det har vore ein uryddig prossess

Volda handball vil klage til handballforbundet etter at hovudtrenaren deira har signert for Storhamar Elite. – Prosessen har vore uryddig, seier Arild Bakke i Volda Handball.

Arild Bakke, Volda Handball

OVERRASKA: – At hovudtrenaren vår har signert for Storhamar, kom svært overraskande på leiinga, og spelarane er naturleg nok i sjokk, seier leiaren i Volda Handball, Arild Bakke.

Foto: Arne Flatin / NRK

Islandske Alfred Örn Finnsson har trena Volda sitt damelag dei tre siste åra.

Les også: Finnsson frå Volda til Eliteserien

Suksesstrenar

I 2012 leia han Volda til topps i deira 2. divisjonsavdeling, men tapte i kvalifiseringa for opprykk til 1. divisjon.

I år har han enda ein gong tatt Volda til topps i 2. divisjon, denne sesongen utan eitt einaste tap.

Kvalifiseringa til 1. divisjon skal i år spelast 12.–14. april, og dermed har Volda fått ei svært vanskeleg oppkøyring til dei viktige kampane.

– Vi er fullstendig klar over at saka ikkje vil få eit anna utfall om vi klagar Storhamar inn for handballforbundet, men vi håper dei får refs slik at dei ikkje oppfører seg slik ein annan gong, seier dagleg leiar i Volda Handball, Arild Bakke.

Volda Handball

SATSAR: Volda Handball har satsa friskt siste åra, men årets innspurt kan bli tung etter trenarkonflikten.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dårleg gjort

Bakke og Volda Handball har i dag sendt ut ei pressemelding, der dei gjer det klart kva dei syns om saka.

– Volda HK har ikkje fått ein einaste henvendelse frå eliteklubben, og dei har signert ein avtale med ein trenar som framleis er under kontrakt. Vi er klare på at dette uansett vil få etterspel, og vil vere svært overraska om Norges Håndballforbund synest dette er ein grei framgangsmåte, skriv dei i pressemeldinga.

Men Volda Handball gir ikkje opp håpet om opprykk til 1. divisjon.

– Tilliten til Finnson har fått ein knekk. Men vi må oppføre oss skikkeleg begge partar. Han skal trene laget ut sesongen, og vi har lova spelarane at vi framleis skal satse. Arbeidet med å finne ein ny trenar er alt i gang, seier Arild Bakke til NRK.

Overraska

Men dagleg leiar i Storhamar Elite, Erik Stensrud, meiner Volda ikkje har noko å klage over.

– Er dei ikkje klar over kva dette spelet går ut på? Det overraskar meg at dei er irriterte. At dei klagar saka inn for handballforbundet får vi ikkje gjort noko med.

– Har de hatt kontakt med Volda i prosessen?

Nei, men vi har hatt kontakt med Finnson, og meiner vi har gjort ei god signering, seier Stensrud.

Tar det tungt

Volda Handball

SUKSESSTRENAR: Volda-trenar Alfred Örn Finnsson, her saman med spelar Laima Bernataviciute.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Hovudpersonen i konflikten seier til NRK at han har det veldig tungt.

– Eg er veldig påverka av situasjonen. Det er med tungt hjarte vi forlet Volda, seier Alfred Örn Finnsson.

– Men likevel signerte du for Storhamar. Kvifor?

– Eg har ambisjonar, og Storhamar vil vere ein god klubb for min karriere. Det er dette som er vanskeleg når ein driv med sport.

Men Örn Finnsson vedgår at saka kunne vore løyst annleis.

– Det er to sider av alle saker. Eg kunne sikkert gjort ting på ein annan måte. Eg har prøvd å vere ærleg, men det ser kanskje ut til at eg ikkje har lukkast med det.

– Stor respekt for Volda

Finnsson seier han håper situasjonen løyser seg til det beste, og at han får trene Volda ut sesongen.

– Eg har busett meg her med kone og to barn. Jentene på laget har vore som ein tanteflokk for borna mine, så dette er tungt. Eg har stor respekt for Volda Handball, og vil dei berre det beste, seier han.