Hopp til innhold

Frå benken til eliteserien: – Viser at om du orkar å trene så er alt mogleg

Då trenaren såg henne spele første gong, trudde han ikkje ho kom til å nå heilt til topps. – Vi går glipp av mange gode utøvarar ved å fokusere på talent, seier idrettsforskar.

Kine Kvalsund, Volda handball

Kine Kvalsund i kjend stil der ho hoppar inn frå kanten og lagar mål for Volda handball.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kine Kvalsund er i dag ein sentral spelar på eliteserielaget, men slik har det ikkje alltid vore.

– Då eg såg ho spele handball på første treninga, kan eg ikkje seie at eg trudde ho kom til å spele i eliteserien, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson.

Kine Kvalsund

Kine Kvalsund har lagt bak seg årevis med trening og tid på benken. No er ho 29 år og klar for eliteseriespel med Volda.

Foto: Celina Myklebust Magnussen / NRK

Sat på benken

Kvalsund byrja ikkje å spele før ho var 12 år. Og det var først då ho begynte å studere at ho verkeleg begynte å trene på handballen.

– Det var då eg skjønte at ein kan bli god med trening også, og ikkje berre med talent. Det var det som gjorde at eg følte eg kunne satse.

Kine Kvalsund, Volda handball

Kine Kvalsund er i dag kaptein på eliteserielaget frå Volda, men ho har sete fleire sesongar på benken.

Foto: Celina Magnussen / NRK

Dei første sesongane på 1. divisjonslaget blei det mykje benkesliting. Sjølv om Kvalsund møtte på alle treningane, klarte ho ikkje å prestere på bana.

– Eg blei jo ikkje tatt med. Eg sat på benken og fekk berre komme inn på bana dei 5 siste minutta.

Ikkje berre talent

Nyleg skreiv ein onkel eit ytring han kalla «Breiddefotballens skyggeside», etter at den 13 år gamle nevøen hans omtrent ikkje fekk vere med å spele på Norway Cup. «Eg er redd for at det er noko grunnleggande feil med barneidretten», skriv han. Norges Fotballforbund svarar at inkludering er eit felles ansvar, og at alle skal få delta.

Stig Arve Sæther er førsteamanuensis i idrettsvitskap ved NTNU, og forskar på ungdomsidrett og talentutvikling. Han seier det er stort fokus på talent i idretten, men kanskje utan grunn.

Stig Arve Sæther

– Det er ein grunn til at det finnast «Norske Talenter» på TV, seier Stig Arve Sæther. Han seier vi har ein fascinasjon for talent, både i idretten og utanom.

Foto: NTNU

– Vi har ei slags feilslutning der vi tenker at om du er god som 7-åring så er du også blant dei beste når du er 20 år.

Sæther seier ein ikkje klarer å dokumentere i forsking at det er dei som er god i ung alder, som blir god seinare.

– Viss vi definerer at det er berre nokre utøvarar som er talent, og resten ikkje er interessante, då trur eg vi går glipp av veldig mange gode utøvarar.

Les også Ingrid (27) «unner ingen» hva hun gikk gjennom – redningen kom da hun la fra seg fordommene

Ingrid Hodnemyr

– Fascinert

Tidlegare landslagsspelar og handballproff Anja Hammerseng-Edin, seier ein kan kome langt også ved å bruke tid på «benken».

– Historia til Kine viser at ho elskar det ho gjer. Nå du sit på benken er det mange spelarar som går inn i ein negativ spiral, der ein byrjar å gruble på om ein har det som skal til.

Hammerseng-Edin bruker seg sjølv og Heidi Løke som eksempel. Førstnevnte var sett på som eit barnetalent, medan Løke sat årevis på benken. Begge enda opp på landslaget. Hammerseng-Edin seier den mentale utviklinga er like viktig som å trene handball.

– Kine viser ein mentalitet eg blir veldig fascinert av.

Anja Hammerseng-Edin og Heidi Løke

Anja Hammerseng-Edin og Heidi Løke har spelt saman i fleire klubbar, og på landslaget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det ingen skulle tru

– Då eg gjekk på vidaregåande var det nok få som trudde at blant dei eg gjekk i klasse med, var det eg som skulle drive med idrett, seier Kvalsund.

Men det var likevel Kvalsund som skulle nå heilt til topps. Mykje takka vere trenar Haraldsson, som trengde ein spelar i front med ein sterk mentalitet. Ein som orka å trene, og viste eit godt eksempel.

– Eg såg frå dag ein at Kine hadde ein enorm innsats og treningsvilje.

Voldakapteinen har no signert ny kontrakt. I ein alder av 29 år er ho klar for debut i eliteserien.

– Ho viser at dersom du orkar å trene og orkar å stå i det så er alt mogleg, seier Haraldsson.

Kine Kvalsund, lagkaptein Volda handball.

Kine Kvalsund etter opprykkskampen mot Levanger i april.

Foto: Arne Flatin / NRK