Hopp til innhold

Volda granskar arbeidsmiljøet i kommunen

Volda kommune skal sette i gang ei gransking etter at arbeidstakarorganisasjonane og hovudverneombodet i helsesektoren har varsla om dårleg arbeidsmiljø.

Rune Sjurgard

Rådmann i Volda Rune Sjurgard seier at det no vert sett i gang ei arbeidsmiljøundersøking etter at arbeidstakarorganisasjonane og hovudverneombodet har vore uroa over forhold knytt til arbeidsmiljøet i helse- og omsorgssektoren.

Foto: Torger Havåg / NRK

Det skriv kommunen i ei pressemelding.

Helse- og omsorgssektoren er ein stor sektor med over 300 tilsette som yter tenester døgnet rundt på eit stort og komplisert tenesteområde. Bemanningssituasjonen i sektoren er pressa, og dette vert også no sett på, står det i meldinga.

Arbeidstakarorganisasjonane og hovudverneombodet har overfor rådmannen retta uro om forhold knytt til arbeidsmiljøet i helse- og omsorgssektoren. Difor vert det no sett i gang ei arbeidsmiljøundersøking.

– Arbeidsgjevar tek slik uro på alvor, og det vart umiddelbart teke initiativ til å arbeide med dette. På grunn av ferieavvikling så har det teke litt tid å samle involverte og kome i gang med planlegging av prosess, skriv rådmann i Volda Rune Sjurgard i pressemeldinga.

– Den administrative leiinga, dei hovudtillitsvalde og hovudverneombodet planlegg tiltak, og det er avgjort å gjennomføre ei arbeidsmiljøundersøking i helse- og omsorgssektoren. Denne vil starte opp i løpet av kort tid, og det vil kome nærare informasjon om konkret prosess til dei tilsette i løpet av veke 42 eller 43. Formålet er å finne ut korleis dei tilsette opplever miljøet. Det vert samarbeidd tett med Stamina Helse som er kommunen si bedriftshelseteneste, og det er også dei som skal gjennomføre og leie undersøkinga. Eventuelle funn som tilseier behov for betring vil verte teke tak i gjennom vidare prosess og tiltak.

Blir tatt på alvor

– Uroa vert tekne på høgste alvor, og undersøkinga skal gi svar på korleis arbeidsmiljøet vert opplevd. Det gjeld både positive og negative forhold, seier Sjurgard.

Rådmannen synest også det er viktig å presisere at det er krevjande å arbeide i helse- og omsorgstenesta, og at bemanninga er særleg hardt pressa i delar av tenesta. Leiinga opplever at dei tilsette yter stor innsats og gir mykje av seg sjølv. Dette kan også ha verknader på arbeidsmiljøet og påverke sjukefråveret. Det vert derfor arbeidd med tiltak for å kunne gjere avhjelpande tiltak på bemanningssituasjonen så raskt som mogleg, står det i pressemeldinga.

Kommunen har avgjort tiltak, og prosessen med arbeidsmiljøundersøking er rett om hjørnet. Rådmannen ser det som viktig at partane kan få tid og rom til å konsentrere seg om dette no framover

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL