Fagforbundet er uroa over at Volda kommune vurderer å seie opp tilsette for å betre kommuneøkonomien.
– Økonomi ikkje grunn til oppseiing
Kommunen har til no i år eit meirforbruk i forhold til budsjettet på 17 millionar kroner, men Fagforbundet godtar ikkje oppseiingar på grunn av dårleg økonomi.
– Økonomi kan ikkje vere eit grunnlag for oppseiingar rundt om i kommunane, seier fylkesleiar i Fagforbundet, Mariann Brandstad.
Fagforbundet peikar på at så lenge behovet for tenestene er til stade, så er det ikkje haldbart å seie opp tilsette.
Fagforbundet er landets største fagforening for kommunetilsette, og berre i Møre og Romsdal har dei 17.000 medlemmer.
Volda kommune har til no i år eit meirforbruk på 17 millionar kroner.
Foto: Åse WidengrenBekymra over utviklinga
Fylkeleiaren er ikkje berre uroa over at Volda vurdrer oppseiingar for å få ein skakkøyrd økonomi på fote.
Ho er også bekymra fordi forbundet får signal om liknande tankegang også i andre kommunar.
– Det er klart det er stor bekymring for at nokre kommunar ser på oppseiingar som ei løysing, seier Brandstad.
Eit kutt i stillingar vil gå ut over kommunale tenester som allereie er skorne inn til beinet, fryktar Brandstad.
– Stort sett er bemanningssida av dei kommunale tenestene så redusert allereie, at vi ser faren for dei tenestene som blir utsette. Skal ein då i tillegg byrje å kutte i stillingar, kjem ein inn i ein utruleg vondt sirkel.