Hopp til innhold

Sjåførar krev ny veg i Romsdalen: – Å køyre denne vegen er ingen søndagsskule

Ein kraftig prisauke kan føre til at mange vegprosjekt blir utsett. Men sjåførane som køyrer E136 gjennom Romsdalen meiner ein ny og betre veg må kome raskt.

E136 gjennom Romsdalen

Planundergangen ved Skirimoen er det trongaste passeringspunktet på E136 gjennom Romsdalen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kjell Aasen i Veøy Transport har mange år bak seg som vogntogsjåfør. No har han kome til Åndalsnes etter å ha frakta last frå Ålesund. Ein annan sjåfør skal bringe varene vidare sørover.

Men E136 gjennom Romsdalen er ein veg som Kjell Aasen køyrer ofte. Det er ikkje alltid like lett. På vinterføre blir det fort kaos. Og med jamne mellomrom skjer det ulukker. Ifølgje Aasen er ikkje denne vegen nokon søndagsskule.

– Det hender eg køyrer med hjartet i halsen. Vegen er smal, og når snøen kjem så blir vegbana veldig smal. Då bli det trongt om plassen.

Kjell Aasen i Veøy Transport

Kjell Aasen i Veøy Transport krev ny veg på E136 gjennom Romsdalen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er slutt på tolmodet

Dette er vegen mange eksportbedrifter nyttar når dei skal frakte varene sine frå kysten av Møre og Romsdal til den utanlandske marknaden. Berre 7 kilometer av strekninga på 50,5 kilometer mellom Åndalsnes og Bjorli følgjer vegnormalen på 9 meter vegbreidde.

Delar av denne vegen er smal og kronglete. Varene skal fram i tide, men sjåførane fryktar ulukker. Eller at dei store bilane skal køyre seg fast på vinterføre. Det skjer ofte. Alt for ofte.

Og no er det slutt på tolmodet blant sjåførane som køyrer den dyrebare lasten gjennom Romsdalen.

– Eg ville ha prioritert E136 gjennom Romsdalen framfor alt anna. Dei må byggje ny veg. Dette er hovudvegen til Austlandet. Varetransporten kjem til å auke og vogntoga blir større.

Trafikkulukke E136 Romsdalen Fladmark Skiri

På delar av E136 gjennom Romsdal er det stor fare for ulukker vinterstid.

Foto: Arnt Olsen

Stein Arve Vaagan i transportselskapet Freja har rekna ut at ein forsinka varetransport frå Møre og Romsdal til Gardermoen kan koste kring 1,5 millionar kroner for kvar bil. I tillegg kjem verditapet som følgje av at fisken som skal til utlandet har blitt dårlegare.

– Denne vegen skulle ha vore bygd for mange år sidan. Det er rett og slett pinleg at vegen ikkje har blitt bygd.

Vil bremse 23 motorveiprosjekter over hele landet

Slik vil regjeringen bruke 1200 milliarder kroner på samferdsel

Nye Veier fekk ansvaret

Mange hadde håp om at Solberg-regjeringa ville prioritere E136 i den nasjonale transportplanen som blei lagt fram våren 2021. Men det var Nye Veier som fekk ansvaret for å byggje E136 heilt frå Vestnes til Innlandet grense.

Nye Veier var Solberg-regjeringa sitt prestisjeprosjekt som skulle utfordre Statens vegvesen. Det skulle gå raskare å bygge vegar. Og det skulle skje på ein meir effektiv måte.

Men no har prisane eksplodert. Og Nye Veier har måtte utsetje to av dei prosjekta som dei har ansvaret for. Dei som kjempar for å utbetre E136, fryktar at også denne vegbygginga vil bli skubba ut i tid.

Folk følger interessert med under på folkemøtet med Nye Veier på Åndalsnes om E136.

Folk følgde interessert med på kva Nye vegar kunne fortelje under folkemøtet på Åndalsnes.

Foto: Trond Vestre / NRK

Mange vil ha svar

Tysdag kveld var det folkemøte på Åndalsnes. Folk som bur langs vegen har mange spørsmål. Fleire lurer på når byggjestarten vil kome. Men Nye Veier kan ikkje gi så mange konkrete svar.

– Dei har vel ikkje så mykje meir å kome med akkurat no. Det er avgrensa kva dei har fått gjort. Men det høyrest bra ut, og så får vi sjå kva som skjer vidare, seier Arne Nygård.

Folk fekk vite at Nye Veier ikkje berre er opptatt av trafikktal og økonomisk nytte. Dei har og fått med seg at E136 er viktig for varetransporten, og dei som bur i området. Og at det i periodar kan vere store problem på vinterføre.

Byggjestart

Prosjektutviklingssjef Jarle Tangen i Nye Veier.

Prosjektutviklingssjef i Nye Veier, Jarle Tangen, opnar døra for byggjestart i 2024.

Foto: Trond Vestre / NRK

Og no fattar dei i alle fall litt håp. Nye Veier kjem opp med eit årstal under møtet. Ein byggjestart helt øvst i Romsdalen kan i beste fall vere mogleg i 2024.

– Men dette er avhengig av kva som blir prioritert, og kva løysing som blir vald for Brustugulia øvst i Romsdalen, seier Jarle Tangen i Nye Veier.

Nye Veier prioriterer to gongar i året. Dersom E136 ikkje blir prioritert no i juni blir desember den neste sjansen.

Det politisk presset

Politikarane skal ikkje leggje seg opp i Nye Vegar sine prioriteringar. Men E136 er høgt prioritert blant politikarane, og dei pressar på.

Det gjer også Noregs Lastebileierforbund. Regionleiar Jan Ove Halsøy trur Nye Veier blir nøydde til å leggje vekt på andre omsyn enn trafikktal og rein økonomisk nytte. Han registrerer at selskapet sjølve også gir uttrykk for dette.

– Dersom dei ikkje gjer det så tenkjer eg at dei truleg vil bli politisk styrt til å gjere det. For det er politisk semje om at E136 må lenger fram i køen.