Hopp til innhold

Nektar å akseptere vindturbinane – hundrevis av lukkeønske før rettssaka

Bygginga er for lengst i gang, men vindkraftmotstandarane på Haramsøya kjempar i retten for tredje gong. Folk frå heile landet er med i heiagjengen.

Birgit Oline Kjærstad saman med politiet.

Politiet har fleire gonger måtte ty til makt for å fjerne vindkraftmotstandarane på Haramsøya på Sunnmøre. No skal domstolen ta stilling til saka.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Dei har både banna og bedt, men er førebels ikkje bønnhøyrde, vindkraftmotstandarane som kjempar innbitne for å hindre at det blir sett opp 8 vindturbinar på Haramsfjellet på Sunnmøre.

Turbinane skal rage over 150 meter opp i vêret, og på Haramsøya er det delte meiningar om prosjektet.

Skjermdump frå Facebook

Folk står i kø for å heie på vindkraft-motstandarane på Haramsøya.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Berre det siste døgnet har organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya fått hundrevis av lukkeønske.

– Masse lykke til, og må rettferda sigre denne gongen, skriv ei av dei på Facebooksida til organisasjonen.

Ho er ikkje åleine om å følgje rettssaka med stor spenning. Dei neste dagane skal retten ta stilling til om konsesjonen er gitt på feil grunnlag, slik motstandarane hevdar.

Naboar i strid om turbinar

Over heile landet har vindkraft-motstandarar streta imot bygginga av vindturbinar dei siste åra. Enkelte har gått heilt til retten, men fleire har tapt.

På Haramsfjellet måtte nei-folk til slutt berast vekk med makt, då dei sperra anleggsvegen opp til fjellet i fjor sommar.

Men kampen har også splitta folket på øya.

– Relasjonar blir øydelagde og sett på ei hard prøve. Nokre arbeider for det andre er sterkt imot, seier Birgit Oline Kjerstad, som inntil nyleg var leiar for Nei til vindkraftverk på Haramsøya.

Hans Petter Thue blir arrestart etter å ha nekta å flytte seg.

Hans Petter Thue er ein av Vindkraftmotstandarane som har kjempa mot vindturbinar på Haramsfjellet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Håper på ro

Det er Zephyr som har fått konsesjon til å bygge vindanlegg på Haramsfjellet, og mange ekspertar er samde om at det er behov for meir vindkraft i Noreg.

Vindkraftmotstandarane på Sunnmøre har tidlegare forsøkt å få stoppa arbeidet på fjellet, men tapt to gonger.

Men kampen har kosta. Utbyggaren har tapt millionar på alle aksjonane som har prøvd å hindre utbygginga.

– Det er utfordrande for alle involverte i alle prosjekt der konfliktnivået eskalerer. Det er utfordrande for naboar, grunneigarar, utbyggar og politikarar. Det er viktig for alle partar at vi no får ei vurdering frå retten om konsesjonen er gyldig, seier administrerande direktør Olav Rommetveit.

Olav Rommetveit

Administrerande direktør Olav Rommetveit og utbyggarselskapet Zephyr har fått mykje kritikk for planane på Haramsøya.

Foto: Zephyr AS

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL