Hopp til innhold

Vindkraftmotstandar fryktar huset blir tvangsselt

Hans Petter Thue blei landskjent då han budde to veker i bilen for å hindre vindkraftutbygging på Haramsøya. No fryktar han å bli huslaus.

Hans Petter Thue

Hans Petter Thue sit utanfor lokala til Zephyr i protest. Han tapte rettsaka mot dei, men meiner likevel at dei bør slette kravet om sakskostnader.

Foto: privat

Utanfor lokala til vindkraftutbyggar Zephyr i Sarpsborg sit ekteparet Hans Petter og Kari Thue i protest. Dei er skuldig selskapet 80.000 kroner etter at dei tapte ei rettssak, men klarer ikkje betale tilbake. No fryktar dei at huset skal gå tapt.

– Så god råd som dei har, burde dei slette sakskostnadene, seier Hans Petter Thue.

Nekta å flytte bilen

Bygginga av åtte vindturbinar på Haramsfjellet har ført til aksjonar og massiv motstand. Ein av dei som har stått i spissen for protestane er Hans Petter Thue.

Han nekta å flytte bilen sin som stod i vegen for anleggsmaskinene og vart til slutt fjerna av politiet. Familien Thue gjekk også til rettssak fordi dei meinte utbyggaren ikkje hadde lov å bruke vegen opp til fjellet. Dei tapte saka og måtte betale nesten 270.000 kroner i sakskostnader til utbyggaren.

Samla inn store summar

Gjennom innsamlingar på Spleis har Thue til saman fått 380.000 kroner. Av dette går 207 .000 til å dekke tapte arbeidsinntekter medan aksjonane pågjekk og 173 850 skal gå til betaling av sakskostnader.

Det manglar 80.000 kroner for å innfri kravet. Dei har prøvd å få til ei betalingsordning med månadlege avdrag, men fekk avslag.

Paret har dårleg økonomi og hevdar at tvangssal av huset kan bli løysinga.

Hans Petter Thue lir arrestart etter å a nekta å flytte seg.

Hans Petter Thue blei pågripen av politiet etter ein aksjon på Haramsfjellet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Thue visste om risikoen

Dagleg leiar i utbyggaren Zephyr, Olav Rommetveit, viser til at det var familien Thue som valde å gå rettens veg.

– Sjølv om vi har alle offentlege løyve til å bygge vindkraftverket, valde Thue med bistand frå advokat å trekke Haram Kraft for retten for å stanse arbeidet. Dette gjorde han vel vitande om risikoen for å bli idømd sakskostnader, seier Rommetveit.

Han meiner familien Thue ikkje kan forvente at motparten bidreg til å finansiere sakskostnadene gjennom ei avbetalingsordning.

– Innkreving av rettsoppgjeret følgjer vanleg prosedyre og ligg no hos Namsmannen. Korleis dei får inn det resterande beløpet er opp til dei, seier Rommetveit.

Kan kome til å sitte lenge

Hans Petter Thue og kona Kari er budde på å sitte utanfor lokala til Zephyr lenge.

Familien Thue kjøpte eigedomen på Haramsøya i 2016, åtte år etter at vindkraftanlegget fekk byggekonsesjon. Dei har blitt meir og meir motstandarar av vindkraft. Medan Hans Petter budde i bilen i 14 dagar for å hindre anleggsmaskinene, sveltestreika kona Kari utanfor Viken fylkeskommune i 12 dagar i sommar.

– Eg får håpe vi er ferdig med saka til 17. mai, seier Thue.

Kari og Hans Petter Thue

Kari og Hans Petter Thue er motstandarar av at det skal byggast åtte vindturbinar på Haramsfjellet.

Foto: privat