Hopp til innhold

Vilde søkte fiskarjobb, men blei spurt om å vaske og lage mat

Nesten ingen kvinner jobbar på havet. No vil regjeringa gjere det lettare. Fiskar Vilde Oskarson har opplevd kor vanskeleg det kan vere.

Vilde Oskarson, fiskar på Ramoen.

Vilde Oskarson er ei av få kvinner i landet som jobbar som fiskar. Ho meiner det må til ei haldningsendring.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

På kaia i Ålesund møter Vilde Oskarson fiskeriministeren. 27-åringen har i dag draumejobben om bord i ein fiskebåt, men vegen dit var ikkje enkel.

Då ho søkte på fiskarjobbar var det enkelte båtar som spurte om ho kunne vaske og hjelpe til med matlaging i staden.

– Det trur ikkje eg gutar får spørsmål om, seier Oskarson.

Ho veit at mange andre kvinner slit med å få seg jobb på sjøen.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) vil legge til rette for å få fleire kvinner inn i fiskerinæringa.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Vil satse på kvinnelege lærlingar

Fiskeri er ein av dei minst likestilte næringane i landet og berre 3 prosent av alle fiskarar er kvinner. No vil regjeringa endre på det.

– Kvinner er ein stor ressurs som næringa ikkje nyttar seg av, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

I strategien vil regjeringa mellom anna vurdere kvotering for kvinnelege lærlingar.

– Men å få inn meir kvinner i næringa er ikkje noko vi kan vedta politisk. Mykje av utviklinga er på grunn av haldningar og gammal vane, seier Ingebrigtsen (H).

Vilde Oskarson på jobb om bord i fabrikktrålaren Ramoen

Vilde Oskarson stortrivst som fiskar om bord i fabrikktrålaren Ramoen.

Foto: privat

– Eldre menn er verst

Vilde Oskarson meiner det er stort behov for likestillingsstrategien. Ho trur det er den eldre generasjonen som er problemet. Dei er ikkje vande med kvinner i mannsdominerte yrke.

– Eldre menn ofte har dårlegare haldningar til damer og meiner at dei ikkje har noko der å gjere. Det må det bli slutt på, seier Oskarson. Ho kjenner også til at kvinner har fått ekle og ufyselege kommentarar frå eldre menn.

27-åringen meiner fiskerinæringa dermed går glipp av mange flinke fiskarar og sjøfolk.

Røff kultur

Solveig Strand er nestleiar i organisasjonen Fiskebåt. Ho er overraska over det ho får høyre om eldre medarbeidarar sine haldingar til kvinner.

– Eg trudde verda hadde kome litt lenger. I 2021 er det uakseptable haldningar, seier Strand.

Tidlegare i sommar kom rapporten Bedre likestilling i fiskeriene. Den peikar på ein «mannsdominert og til tider røff kultur» som ein av hovudgrunnane til at så få kvinner jobbar som fiskar.

Strand seier at både arbeidsgivarane og fiskebåtorganisasjonane må ta utfordringa frå regjeringa og legge til rette for kvinner og også få slutt på haldningane.

Første tur etter mammapermisjon

For Vilde Oskarson ordna det seg. Ho stortrivast om bord i fabrikktrålaren Ramoen. No skal ho ut på sin aller første tur på havet etter mammapermisjon. Om bord er det eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt samhald. Og på båten jobbar det både kvinner og menn.

– Det er ein jobb som skal gjerast. Så lenge du kan den, spelar kjønnet inga rolle, seier fiskaren.

Vilde Oskarson får strategien med fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Vilde Oskarson møtte fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen i Ålesund .

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK