I tillegg greidde ein mann i kajakk såvidt å ta seg til land då han såg skipet kome. Bølgjene frå store skip har skapt problem langs Sykkylvsfjorden også tidlegare, og dette vil ikkje Aurdal godta.
Men det er truleg liten nytte i å ta kontakt med Kystverket. Distriktssjef Harald Tronstad seier til NRK at retningslinene er klinkande klare, og at det ikkje er Kystverket si oppgåve å gå vidare med denne saka. Han meiner episodane i Sykkylven ikkje er spesielle, og seier dei ikkje vil vurdere å innføre fartsavgrensingar.
Må ha søknad
Rådgjevar Anders Svinø i Kystdirektoratet viser til forskriftene som pålegg fartøy å vere forsiktige og avpasse farta slik at det ikkje oppstår skade eller fare for skade. Svinø seier dei må ha ein konkret søknad på bordet frå kommunen, før dei vurderer å innføre spesielle fartsgrenser i Sykkylvsfjorden. Ordførar Jan Kåre Aurdal seier dette no er aktuelt.