Hopp til innhold

– Økonomien i Nordøyveg-prosjektet er for usikker

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik meiner usikkerheita rundt finansieringa av Nordøyvegen er så stor at prosjektet bør utgreiast meir.

Guttelvik Nordøyvegen

Nordøyvegen skal binde øyande i Sandøy og Haram med fastlandet.

– Økonomien i den planlagde Nordøyvegen er fortsatt for usikker, meiner fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Les også:

Vil utsette politisk behandling

Vegen som skal binde saman Nordøyane i Haram og Sandøy med fastlandet og som har vore kostnadsrekna til 2,7 milliardar kroner, skal behandlast i fylkestinget i juni.

Men Guttelvik ønskjer å vente til fylkestinget i oktober for å få meir tid til å greie ut prosjektet.

– Eg meiner at ei sak som er så stor og så viktig og har så store økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen, bør vere heilt utgreia før vi foretek ei behandling.

Les også:

Store investeringar

Det er først og fremst spørsmål knytta til ferjesubsidar, rente, anleggskostnadar og RDA-midlar Guttelvik vil bruke mer tid på.

– Det eine som ikkje er avklart, er om ein får ferjesubsidiar på to ferjer i staden for på ei. Det andre er størrelsen på investeringane, det er ikkje heilt ferdig utgreia. Så har ein sjølvsagt ein diskusjon om rentenivåa framover.

Er fylkeskommunen i stand til å ta denne typen store investeringsprosjekt?

– Det er eit spørsmål som Fylkestinget må avgjere. I utgangspunktet er der argument både for og imot, men med så store investeringar som 1,2 milliardar kroner og med moglege driftsutgifter i tillegg, så er det stort.

Les også:

Fylkesrådmannen peikar på at Nordøyveg-prosjektet kan kome til å gå utover andre prosjekt fylkeskommunen har.

– Vi har mange investeringsprosjekt framover. I tillegg til Nordøyvegen må vi investere i skulesektoren, fylkesvegane og etterslep av vedlikehald. Eg trur ikkje det blir plass til alle dei investeringane, så det må prioriteringar til.