Hopp til innhold

Vil stengje lange bussar ute frå Aksla i Ålesund

Ålesund kommune vil avgrense lengda på køyretøy på vegen opp mot byfjellet Aksla, skriv dei i ei pressemelding.

I travle turisttider er det trafikkaos på fjellet, der bussar, bilar, syklistar og bubilar står i lange køar på tronge vegar.

Frå 1. mai 2024 vil ikkje bilar over 11 meter lange få lov til å køyre opp til den populære utsynsplassen.

Over nyttår vil kommunen starte eit lengre arbeid med å utbetre trafikkproblema kring Aksla og Fjelltun-området, men dette vil ta fleire år å ferdigstille.

Ein dobbeltdekkar turbuss er på veg opp ei smal og bratt gate over Ålesund sentrum- Der er murar på båe sider av den smale vegen.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK