Bussane står i stampe og prøver kome seg ut, parkeringsplassane er alle fulle, syklistar kjem strøymande og turistar går på kryss og tvers for å fotografere alt.
Den første skikkelege sommardagen i Ålesund vart prega av trafikkaos på byfjellet Aksla.
– Forferdeleg, seier turist frå USA Dawn Pinasco og ler litt saman men mannen sin.
Dawn Pinasco frå California likte ikkje bussturen til Fjellstua. – Kanskje vi tek syklar neste gong, seier amerikanarane og ler.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKDei er to av tusenvis av turistar som er komne til sunnmørsbyen om bord på eit cruiseskip – noko Ålesund er venta å få over 700 besøk av i år.
Og titusenvis av desse besøkande vil på Aksla for å få det ikoniske Instagram-biletet av Ålesund sentrum.
Pinasco fortel at nokre av turistane på bussen ho sat på vart litt redde av køyreturen opp, då dobbeltdekkarbussane møtte kvarandre og ikkje ville rygge.
Tungtrafikk, bubilar, bussar, personbilar, trillande, gåande, syklande – nemn ein trafikkant, og dei er på den smale vegen frå Ålesund sentrum og opp på byfjellet.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKUtanom turistsesongen er plassen utanfor Fjellstova snuplass for bussar og bilar.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKUtsikta over Ålesund er ikonisk, og noko mange turistar frå cruisetrafikken jaktar på. Dei to skipa som ligg til kai, Sky Princess og Mein Schiff 1, har kapasitet til kring 6500 passasjerar.
Foto: Janne Brit Aasen / NRK– Risikosport
Anniken Vassbotn trillar med elektrisk rullestol på vegen ned frå fjellstova. Bak ho kjem to dobbeltdekkarbussar.
– Det er best å kome seg ut i grøfta, for bussane tek ikkje veldig godt omsyn, ser eg
Grunna mengda turistar kunne ho ikkje bruke grusstien ho vanlegvis tek, og måtte ut på vegen – saman med bilar, bussar og syklar.
– Det skulle ikkje ha vore lov. Det skulle ha vore mindre bussar, i so fall, og færre folk om gongen, seier Vassbotn.
Anniken Vassbotn trilla elektrisk rullestol på Aksla om føremiddagen. – Det er risikosport her oppe, seier Vassbotn.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKAnsvarsdelinga gjer det vanskeleg
– Det vakre, vakre utsiktspunktet Aksla må vi ta vare på, og det er eit felles ansvar, seier Monica Berstad Mæland.
Ho er leiar i Ålesund cruisenettverk og er dermed langt frå ukjend med trafikktrøbbelet i byen når cruiseturistane gjer landhogg.
– Vi er nøydde til å få dette til, slik at det vert både for besøkande og lokalbefolkninga. Det er ingen som ynskjer at dette skal vere kaotisk, seier Mæland.
Monica Berstad Mæland seier det ikkje er lett å fikse trafikkproblemet på byfjellet. (Arkivbilete).
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKHo fortel eitt av problema med trafikken på fjellet er at ulike aktørar har ulikt ansvar – kommunen eig vegen og fleire selskap driv med bussing.
– Kven skal regulere kven som skal få gjere kva? Der har vi eit stykke arbeid vi nok må jobbe raskt med, seier Mæland.
Dette er berre byrjinga
– Det er veldig vanskeleg, seier Richards Veliks.
Han køyrer bytoget, ein liten open buss bygd som eit tog, med 42 passasjerar opp og ned fjellet fleire gongar for dag.
– Bilar kjem og går og parkerer kor dei vil, og då vert det ganske vanskeleg.
Han har opplevd å bli ståande ein halvtime og vente, fordi det ikkje var mogleg å kome seg ut frå snuplassen.
– Når der kjem fem bussar samstundes, då har vi store problem. Vi klarar det, men av og til vert det vanskeleg, seier Veliks.
Han har køyrd bussane i fem år og veit at turistsesongen berre so vidt er i gang.
– Men vi berre smiler og klarar det.
Richards Veliks har køyrd togbuss i fem år, og veit at kaoset denne dagen berre er byrjinga.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKÅlesund kommune opplyser til NRK at dei er kjende med problemstillinga på Aksla, og at dei jobbar med å finne løysingar.