Vil sjå på billigare løysingar

Fylkesleiar i Frp, Frank Sve, seier dei vil halde fram med å sjå på alternativ for billigare løysingar av Møreaksen. Dette er eit tunnel- og brusamband som gjer det mogleg å krysse Romsdalsfjorden ferjefritt. Samferdselsminister Jon Georg Dale, også frå Frp, seier til Romsdals Budstikke at han held seg til gjeldande vedtak om realisering av samferdselsprosjektet Møreaksen. Sve seier dette på ingen måte legg debatten død. – Statsråden må ta omsyn til Najsonal transportplan som er vedtatt fram til neste rullering, men vi som skal parti skal jobbe med det som skal inn i den nye rulleringa, seier Sve. Han viser til at nasjonal transportplan skal rullerast i 2020/21 og at dei vil jobbe fram alternativ fram til då.

Frank Sve
Foto: Roar Strøm / NRK