Hopp til innhold

Pasientombudet vil la pasientene sjekke sjølv

Pasientombod Runar Finvåg er ikkje overraska over journalslurvet til vikarlegane. Han etterlyser tiltak før noko alvorleg skjer.

Runar Finvåg

Pasientombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, meiner pasientane bør ha større moglegheit til å sjekke journalnotatar for å unngå legeslurv.

Foto: Roar Halten / NRK

– Dette er ei kjend problemstilling som vi kjem borti ganske ofte. Pasientar opplever at journalen er både mangelfull og ufullstendig, seier Finvåg som pasientombod i Møre og Romsdal.

– Kan føre til feilbehandling

Måndag skreiv NRK om at ein overlege i Kristiansund fryktar for tryggleiken til pasientane fordi vikarlegane ikkje tek seg bryet med å skrive ut notata sine sjølve, men overlèt det til andre.

Finvåg seier det som regel går bra, men at det også kan oppstå tilfelle der journalslurvet til vikarlegane får alvorlege konsekvensar.

– Det kan skje at pasientane ikkje får rett behandling og oppfølging som ein skal ha etter at vikarlegane har dratt. Det kan medføre feilbehandling, seier han.

Vil gje pasientane kopi

Fylkeslegen har gitt sjukehusa frist til 1. oktober for å innføre nye rutinar. Finvåg har tru på at det vil bli betring etter denne datoen, og vil gjerne kome med eit forslag i prosessen:

– Ein bør gje pasientar som ønsker det, moglegheita til å få kopi av epikrisa etter at dei har vore på sjukehuset, seier pasientombodet.

Ei epikrise er journalnotata som blir samanfatta etter undersøking og behandling, til dømes etter eit sjukehusopphald.

– Dette vil medføre at pasientane sjølve kan følgje med at det som står i epikrisa er riktig, slik at oppfølginga etter behandling på sjukehuset vert rett, avsluttar han.

Brev frå overlegen til fylkeslegen

Overlegen i Kristiansund skriv til fylkeslegen at ein del av notata openbart er feilaktige og ufullstendige.

Foto: Synnøve Hole

Ris ros til overlegen

Pasientombodet er glad for at temaet no kjem opp og gir ros til overlegen som har varsla om praksisen.

Det er viktig at helsepersonell seier ifrå om slike forhold i tenesta, seier han.

Pasientombodet trur det er tidspress overfor vikarlegane som gjer at dei vel kjappe løysingar i rapporteringsarbeidet sitt.

– Det er nok kanskje slik at rutinane ikkje er gode nok på sjukehuset. Her må leiinga på banen, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL