Hopp til innhold

Vil kjempe for plassen i eliteserien

Handballsøstrene Anikken og Mona Obaidli støttar kvarandre så godt dei kan. No legg dei planar for korleis dei skal slå Gjerpen i kvalifiseringskampane for å kunne halde seg i eliteserien.

Anniken og Mona Obaildli

Søstrene Anniken og Mona Obaidli håpar å kunne sikre Molde elite vidare spel i eliteserien.

Foto: Roar Strøm / NRK

Søstrene Obaidli hentar støtte frå kvarandre både på og utanfor handballbanen.

– Eg synest at vi spelast veldig bra saman. Det skapar ei tryggleik å vite at søstera di er der. I tillegg er vi flinke til å hjelpe kvarandre. Vi kan prate med kvarandre på ein litt anna måte og tør å kjefte meir på kvarandre, seier Anniken Obaidli.

– Eg blir tryggare på bana når vi spelar saman. Eg føler at eg kan legge litt meir av ansvaret over på ho og det er veldig godt, seier Mona Obaidli.

Forventar ein tøff kamp

Dei to søstrene har for lengst markert seg på handballbana og bidrog sterkt til å berge Molde frå nedrykk under handballkampen mot Nordstrand i onsdag kveld.

anniken

Anniken Obaidli scora 14 av 28 mål i den avgjerande kampen mot Nordstrand.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix
Mona Obaidli, Molde Elite

Mona Obaidli har ikkje gitt opp håpet om vidare eliteseriespel.

Foto: Frode Berg/NRK

Anikken har spelt på landslaget og scora 14 av lagets 28 mål då Molde sikra kvalifiseringsspel.

– Eg får så mykje meir energi av å tenke på at vi sikra kvalifiseringsplassen. Det var så tungt før den kampen, eg hadde så mykje å tenke på og veit kor mykje det betyr for klubben, seier Anniken.

Om jubelscenene fortset neste onsdag står att å sjå når jentene møter Gjerpen borte i Skien. Onsdag om to veker blir alt avgjort når dei speler den siste kvalifiseringskampen heime i Molde. Anniken er innstilt på at det blir ein krevjande kamp.

– Det blir veldig tøft. Vi møter eit lag som verkeleg vil opp i eliteserien og vi må kjempe om vi skal klare det, seier ho.

Men dei to søstrene har sitt eige opplegg før dei går på bana som kanskje vil gi dei det overtaket dei treng for å berge eliteserieplassen.

– Vi brukar å møtast før kamp for å sjå på ein eller to kampar av dei vi skal spele mot. Vi ser på korleis dei spelar og korleis målvakta står, og så snakkar vi om det etterpå, seier Mona.

– Kva betydde det under gårsdagens kamp?

– Det betydde veldig mykje, seier Mona.