Hopp til innhold

Molde har sikra kvalifiseringsspel

Molde Elite vann 28–24 over Nordstrand i onsdagens skjebnekamp. Håpet om å berge plassen i eliteserien lever dermed vidare.

Molde Elite

Molde Elite kunne onsdag kveld juble for siger mot Nordstrand.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Per Gjerde, styreleiar i Molde handball

Per Gjerde, styreleiar i Molde handball.

Foto: Roar Strøm / NRK

Molde-spelar Anniken Obaidli spelte ein svært bra kamp og scora 14 av dei totalt 28 måla til Molde Elite.

– Det er veldig kjekt når det går. Dette var fantastisk bra og veldig gøy, seier ho.

– Dette var heilt fantastisk! Eg føler meg så letta. No har vi fjorten dagar til å førebu oss for å kjempe om plassen vår i eliteserien, og det skal vi greie, seier Per Gjerde, styreleiar i Molde handball.

Skjebnekamp

Molde, som rykka opp i eliteserien denne sesongen, har slite med å finne forma i toppserien.

Onsdagens kamp mot Nordstrand ville avgjere skjebnen til vidare eliteseriespel for damelaget frå Molde. Molde hadde åtte poeng og Nordstrand ni før kampen.

Anniken Obaidli

Molde-spelar Anniken Obaidli var svært glad etter sigeren mot Nordstrand.

Foto: Roar Strøm / NRK
Mona Obaidli

Molde-spelar Mona Obaidli var overlykkeleg etter seieren.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dersom dei vann over Nordstrand ville dei berge kvalikplassen, om ikkje ville dei ryke ned til første divisjon. Til pause leia Molde 14-11, og etter ein jamn kamp enda stillinga til slutt 28–24. Obaidli innrømmer at ho kjende på nervane før kampen.

– Eg hadde alltid trua, men ettersom vi tapte borte så var eg litt ekstra nervøs for at det kanskje ikkje skulle gå vår veg. Difor var det utruleg herleg at det gjekk bra, seier ho.

Molde-spelaren takka publikum for støtta.

– Det betyr alt. Det er så viktig at folk kjem på kamp og støttar oss. Eg trur det har mykje å seie for laget, klubben og måten vi spelar på, seier ho.

Dei møter no 1.-divisjonslaget Gjerpen til heime- og bortekamp for å kjempe om den siste eliteserieplassen.

– Alt kan skje. Vi møter eit bra lag og må ikkje gå inn i kampen å tenke at vi vinn uansett. Vi er nøydd til å gi alt, seier Obaidli.

– No skal vi først slå Gjerpen og så skal vi feire. Det betyr utruleg mykje både for oss og klubben å vinne, seier Mona Obaidli.

Rapport frå kampen kan du sjå her.

Laster innhold, vennligst vent..