Vil ha ny Jesus-marsj

Nytt Livs Senter har søkt Ørsta kommune om å arrangere Jesus-marsj i år også. Det melder Møre-Nytt. Marsjen skal i år gå 7. september. Jesus-marsjen kom i stand i fjor like før Bygdepride, og pastor i Nytt Livs Senter, Hans Reite, har tidlegare markert motstand mot dette arrangementet. Men søkarane presiserer at denne marsjen ikkje er ein protest mot Pride.

Jesus-marsj mot Bygdepride Hans Reite
Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK