Hans Reite

PASTOR: I snart 20 år har Hans Reite vore pastor i Nytt Livs Senter i Ørsta. For dei fleste er nok Reite aller mest kjent for lesarinnlegga sine mot homofili og pride. Men 64-åringen har Bibelen på si side, seier han. – Homofili er vemmeleg, seier Reite.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den motvillige pride-ambassadøren

Tidenes første Bygdepride frykta nokre titals frammøtte. I staden kom 5000. Det får festivalen sin mest høglydte kritikar mykje av æra for.

– Homofili er ikkje noko som er medfødd. Det handlar om miljø og påverknad, meiner Hans Reite.

Den 64 år gamle pastoren i Nytt Livs Senter i Ørsta er rett nok langt frå åleine om det synspunktet. Han er heller ikkje åleine om å gi uttrykk for det. Dei færraste går likevel lenger enn Reite.

Meiningane hans skapte så mykje furore at Bygdepride i 2018 vart eit meir vellukka arrangement enn nokon hadde drøymt om. Kvifor hissa alt frå skeive på bygda til heterofile statsrådar i Oslo seg slik opp?

La oss skru tida tilbake til hausten 2017.

Hans Reite

Hans Reite på kontoret sitt i kjellaren sin heime i Volda. Kontoret ber preg av at Reite har reist mykje. Han har også vore misjonær i Japan i 20 år.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Motbydeleg

13. oktober kom nyheita om at det som då vart kalla Ørsta/Volda Pride vart skipa. Å ha eit slikt arrangement på bygda hadde vore utenkjeleg berre nokre få år tidlegare. Og både Ørsta og Volda er bygder som blir definerte som ein del av Bibelbeltet i Norge.

Mange venta kanskje heller ikkje den store interessa for det som så forsiktig starta med tankane om å ha eit arrangement i løpet av 2018. Kanskje ville berre nokre titals personar dukke opp, frykta pionerane.

Samtidig begynte Hans Reite å tenke på om han skulle engasjere seg mot pride.

Han måtte spørje seg sjølv om han var blitt feig. Men så er jo Reite glad i ein god fight, som han seier det sjølv.

Han bestemte seg for å ta fram tastaturet.

«Homofilt levesett er motbydeleg for Gud».

«Det kan kalle ned forbanning over bygdene, slik det gjorde over Sodoma og Gomorra.»

Lesarbreva vart sendt til lokalavisene Møre-Nytt og Møre.

Då starta bråket.

Dale mot Reite

Landbruksminister Jon Georg Dale, som sjølv er frå Volda, kasta seg inn i debatten. Reite duellerte mot Dale i Dagsnytt 18. Og ja, det er sjeldan vi ser ein norsk statsråd så tydeleg personleg engasjert i ei sak.

– Eg tende på alle pluggar, innrømmer Dale i dag.

Og legg til:

– Det einaste eg angrar på er at eg ikkje tok oppgjeret tidlegare.

Jon Georg Dale, i dag samferdselsminister, følte rett og slett at han måtte ta eit oppgjer med Hans Reite.

– Enkelte har funne ut at dei kan setje seg til doms over andre. Måten og omfanget det vart gjort på over tid opplevde eg at det var behov for å ta eit oppgjer med. Ganske enkelt fordi det gjekk utover folk, spesielt yngre i min eigen heimkommune og i omlandet som eg opplevde vart urimeleg behandla. Eg var i ein posisjon der eg kunne seie klart ifrå, seier Dale.

Dale

Jon Georg Dale vart så provosert at han kasta seg inn i debatten. Hans Reite meinte at dette var ei sak ein landbruksminister skulle ligge langt unna – og meiner å sjå ein samanheng mellom Dale sitt engasjement for Pride hausten 2017 og den turre sommaren i Norge i 2018. – Om det var det som skulle til for å ta eit oppgjer med haldningane hans tek eg gjerne ein tørkesommar til, kontrar Dale.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Homofili er synd

Hans Reite seier han har skrifta på si side. Han meiner fleire prestar brukar berre det som passar dei i Bibelen. Det siste som står i Bibelen er at du ikkje skal trekke frå og legge til, seier Reite.

Han seier det står fleire plassar i Bibelen at homofili er synd.

Hans Reite

Hans Reite grunngir motstanden sin mot pride og homofili med det som står skrive i Bibelen, mellom anna i Romarbrevet kapittel 1, vers 24–27.

Foto: Remi Sagen / NRK

Reite les med stor innleving eit døme frå Romarbrevet kapittel 1, vers 24 til 27. Der står det mellom anna «Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa».

– Tydelegare kan det ikkje seiast, seier ein svært engasjert Hans Reite.

Mange andre kristne leiarar er ikkje einige. I 2013 slo Bispemøtets samlivsetiske utval fast at Paulus neppe omtalar homofil kjærleik. Slikt provoserer Reite.

Jesus-marsj mot Bygdepride Hans Reite

Som eit motsvar til Bygdepride arrangerte Hans Reite også Jesus-marsj. Frammøtet var ikkje like godt som under Bygdepride-paraden.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

Kronglete historie

Ifølgje Store Norske Leksikon såg pride dagens lys i 1969, då som ei minnemarkering for det såkalla Stonewall-opprøret. Homofile, bifile og transkjønna på baren Stonewall Inn i New York gjorde motstand mot politiet sine arrestasjonar.

Pride

Pride har sitt opphav i USA. Her frå ein parade i New York i 1987.

Foto: Cory Stuller / Ap

Den første pride-markeringa i Skandinavia fann stad i København i 1971.

I Norge er det uklart kven som var først ute, men det har vore pride-feiringar i Bergen sidan tidleg 80-tal.

I ein av dei første paradane måtte deltakarane skjule ansikta sine for å unngå diskriminering.

Fleire byar har følgt sidan. Men pride på bygda? Ikkje realistisk, meinte mange.

Dei tok feil.

Tusenvis møtte fram

Bygdepride i Volda og Ørsta i mai 2018 vart ein braksuksess.

Jon Georg Dale og Trine Skei Grande på Bygdepride

Trine Skeide Grande og Jon Georg Dale på Bygdepride.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

Ingen veit sikkert kor mange som deltok, men det var sannsynlegvis langt over 2000 i paraden og rundt 5000 på arrangementet totalt sett.

Jon Georg Dale dukka opp. Det same gjorde kulturminister Trine Skei Grande.

– Bygda er for alle, vart det sagt om igjen og om igjen.

Nesten alle var der.

Skeive. Beine. Russebilane. Idrettslaga med fanene sine. Politiske parti. Ordførarane.

– Det som gjekk føre seg i fjor var banebrytande. Vi i Ørsta er stolte av at denne gruppa menneske kjem rettmessig fram. Paraden i Volda hadde brei støtte. Det var overraskande, men det viser at vi er i ei modningstid, seier Ørsta-ordførar Stein Aam.

– At Bygdepride vart ein slik suksess var både overraskande og veldig gledeleg. Ikkje minst at så mange reiste heim til Ørsta og Volda for å delta. Mange snakkar om Bygdepride som eit vendepunkt, seier Ingvild Endestad, leiar i Fri (Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald).

– Vi trefte ein nerve i tida, seier Rune Sæbønes i Bygdepride, som sjølv stod fram som homofil i 2016 ein alder av 53 år.

Bygdepride i Volda 11. mai 2018

Ingen veit sikkert kor mange som møtte opp i Bygdepride-paraden. Det blir snakka om minst 2000, sannsynlegvis langt fleire. Totalt skal 5000 ha vore med på paraden og dei andre arrangementa som var tilknytt.

Foto: Mats Hjelmeland

Takkar Reite

Og denne nerven Sæbønes snakkar om vart utløyst av nettopp Hans Reite, meiner mange.

– Hans Reite er den beste ambassadøren Bygdepride kunne ha fått. Arrangementet hadde blitt mykje mindre utan hans gamaltestamentlege argumentasjon rundt homofili, seier Renate Furre Henriksen-Sandvær, som kallar seg stolt bygdehomo i Stranda, der ho er redaktør i avisa Sunnmøringen.

Stein Aam (Sp)

Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det var ikkje innlegga til Reite åleine som gjorde at det vart ein så stor suksess, men det medverka, seier Rune Sæbønes i Bygdepride.

– Kanskje har dei rett i det. Ja, eg trur faktisk det er rett, seier ordførar Stein Aam.

Jon Georg Dale er på si side ikkje i tvil:

– Eg hadde aldri drøymt om å gå langt framme i ein pride-parade. Og det einaste som kunne fått meg til å gjere det er denne typen haldningar.

Rune Sæbønes seier at han ristar på hovudet av Hans Reite sine meiningar, men legg til at mange yngre ikkje gjer det. Dei har reagert og blitt redde.

Ingvild Endestad

Ingvild Endestad i FRI (Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald).

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Det blir skrive ting i innlegga til Reite som ikkje er bra. Han brukar ord som unaturleg, motbydeleg og synd. Det gjer at folk som ikkje har vore i kampen før er usikre. Kanskje dei er i skapet og trekk seg endå lenger inn, seier Sæbønes.

– For dei av oss som er skeive veit vi om dei negative haldningane som finst. Men for resten trur eg det var ein vekkar om at det framleis finst negative haldningar og at dei må kjempast mot, meiner Ingvild Endestad i Fri.

Hans Reite

Hans Reite er ikkje redd for å seie og skrive det han meiner. Han kallar seg sjølv fundamentalist, men ikkje mørkemann.

Foto: Remi Sagen / NRK

Angrar ikkje

Ifølgje Fri-leiaren var Bygdepride i 2018 ein utløysande grunn til at det har kome ei rekkje liknande arrangement fleire små stader i Norge.

8. mai er det klart for den andre utgåva av «originalen».

Hans Reite er bekymra.

Han har funne fram igjen tastaturet.

Pastoren er ikkje minst bekymra for ungdommen og barnebarna sine, som han ønskjer ikkje skal bli påverka av pride-paraden.

Reite meiner samfunnet er i ferd med å rotne opp. Derfor må nokon tore å seie frå.

– Det går berre vidare i ugudelegheit. Kva blir det neste? Er det fleire menn og ei dame? Eller fleire damer og éin mann? Dyresex?

– Men har du tatt for hardt i?

– Dei homofile må få gjere som dei vil. Men dei treng ikkje om å gå med propaganda og påverke ungdommen her. Eg angrar ikkje, seier pastoren.

– Men mange hevdar at motstanden din mot Bygdepride berre hadde motsett effekt?

– Det kan vere dei har eit poeng. Men eg angrar ikkje. Majoriteten er imot pride. Men dei fleste er passive. Dei orkar ikkje å stå fram, slik som meg, seier Hans Reite, utan at han har tal på kor mange som er for og imot Pride.

Rune Sæbønes

Rune Sæbønes i styret til Bygdepride.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Bygdepride smittar

Reite varslar at han og meiningsfellene ikkje gir seg. Dei skal arrangere Jesusmarsj, ein slags motdemonstrasjon, i år også.

– Eg gir meg ikkje. Eg er ein fighter, seier Reite.

Men kampen kan vere fånyttes.

– Det er veldig inspirerande for oss at Bygdepride har inspirert mange til å ha liknande arrangement. Homofili smittar ikkje, men Bygdepride gjer det, seier Rune Sæbønes i Bygdepride.

– Men kampen er ikkje vunnen. Slett ikkje. Det kjem heile tida nye folk til bygda, som alle treng å leve i eit trygt og godt lokalsamfunn der det er plass til alle, seier Ingvild Endestad.