Hopp til innhold

Vil ha ei overgangsordning

Stranda kommune satsar no på at Storting og regjering vil godta ei overgangsordning for nullutslepp-skip i Geirangerfjorden. Frå 2026 skal alle båtar i verdsarvfjorden vere utsleppsfrie. Men det blir svært vanskeleg å oppfylle, både for cruisereiarlaga og andre, meiner kommunen.

I går drøfta dei saka med statsministeren som viste forståing, ifølgje ordførar Jan Ove Tryggestad.

– Ei slik ordning må til om Geiranger skal ha sjanse til å overleve som næring og bygdesamfunn. Det blir viktig for å kunne vareta både behovet for heilårsarbeidsplassar, men også ei berekraftig utvikling, seier Tryggestad.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL