Berre 13 elevar går no ved dei to grunnkursa i Averøy.
Pål Farstad som representerer Nordmøre Fiskarlag i arbeidsgruppa, seier dei gjerne ser at skulen skulle ha blitt verande i Averøy. Men, eit stadig dårlegare elevgrunnlag gjer det naudsynt å flytte til Kristiansund, seier han.
Påtroppande ordfører i Averøy, Kjell Magne Sandø seier at dette ikkje kjem overraskande på han. Dei vil no sette seg ned og vurdere kva dei skal gjere vidare i kampen for likevel å få behalde skulen på Averøy.
Ein skule som er viktig for oss, seier Sandø.