Hopp til innhold

Drapssikta vert varetektsfengsla i åtte veker

Den drapssikta 23-åringen vert varetektsfengsla i åtte veker. Dei to første i full isolasjon.

Fengslingsmøte

Den sikta mannen vert varetektsfengsla i åtte veker. To av dei er i full isolasjon.

Foto: Svein Olsson / NRK

Den sikta var ikkje til stades under fengslingsmøte i dag. Han har tilstått både seksuelle overgrep og drap. Han har også godkjent varetektsfengsling.

Politiet ba om åtte vekers varetekt og isolasjon i to veker og fekk medhald i Sunnmøre tingrett. Grunnen er fare for øydelegging av bevis. I kjennelsen står det:

«Retten vil understreke at det er begått en svært alvorlig forbrytelse. En ung pike er tatt av dage under grufulle omstendigheter. Saken har preget et helt lokalsamfunn, men også skapt engasjement langt utenfor byens grenser. Slik retten ser det, ville en løslatelse av siktede nå utvilsomt støte allmennhetens rettsfølelse »

Les alt om drapet i Ålesund her

Full isolasjon

Yngve Skovly

Yngve Skovly ber om to veker med full isolasjon.

Foto: Svein Olsson / NRK

– Det ville bli store reaksjonar i heile landet dersom drapsmannen no skulle bli lauslaten. Vi ynskjer at den sikta skal vere fengsla inn til hovudforhandling, seier politiadvokat Yngve Skovly.

Politiet ba om full isolasjon i to veker for å kartlegge bevegelsane hans og kunne kontrollere forklaringane hans opp mot andre vitneforklaringar. Den sikta har vore i kontakt med mange før og etter drapet og difor vil politiet at han ikkje skal ha kontakt med omverda no når politiet skal avhøyre desse.

Reidar Andresen

Forsvarer Reidar Andresen seier at mannen godkjenner fengslingsvilkåra.

Foto: Svein Olsson / NRK

23-åringen er i tillegg til drapet sikta for ransforsøk. Dette seier den sikta at han ikkje står bak.

Godtek fengsling

Den sikta godkjenner vilkåra for fengsling.

– Han har erkjent ei alvorleg handling og derfor ville resultatet uansett ha blitt fengsling, seier forsvarar Reidar Andresen.

Det har ikkje vore fleire avhøyr av den sikta sidan i går ettermiddag, og han har dermed ikkje forklart meir om kva som skjedde drapskvelden.

Kva hugsar han av det som skjedde?

– Han hugsar tilstrekkeleg til å erkjenne at han drepne kvinna, seier Andresen. Forsvararen har dagleg kontakt med den sikta.

Var rusa

Sjølv om mannen har vedgått drapet, innrømmer han ikkje straffskuld. Det skuldast avhøyrsteknikken og at ein ikkje har kome så langt at det er naturleg å spør om han er skuldig, forklarar forsvararen.

Einar Råen

Bistandsadvokat Einar Råen seier det er eit bra signal at den sikta vil samarbeide.

Foto: Svein Olsson / NRK

Den sikta har forklart at han var sterkt rusa då drapet skjedde og at han høyrer til eit belasta miljø.

Familien er i sjokk

At mannen godkjenner fengsling og har tilstått ugjerninga, er bra for familien.

– Det gir eit signal frå den sikta at han er villeg til å samarbeide og tar ansvar for forbrytelsane han har gjort, seier bistandsadvokat for familien, Einar Råen.

Familien er i sjokk etter at Anja Weløy Aarseth først var sakna og deretter vart funnen drepen. Nye opplysningar om korleis dette skjedde har gjort det endå tyngre. Dei får profesjonell hjelp og kjenner seg godt ivaretekne. Tysdag vert Anja Weløy Aarseth bisett i Bergen.

Den siktede vil bli overført til Ålesund fengsel i dag, hvor han skal sitte varetektsfengslet i åtte uker, hvorav to i full isolasjon. Runar Henriksen Jørstad rapporterer fra Ålesund.