Hopp til innhold

– Bryt med alle tenkelege inndelingsprinsipp

Behovet for å endre kommunekartet i ålesundsområdet er stort, meiner analyseselskapet NIVI.

Ålesund sentrum

Ålesund kan bli kommunesenter for ny sunnmørsk storkommune i ei nasjonal kommunereform.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Det meiner Geir Vinsand i analyseselskapet NIVI som har lang erfaring med å levere analysar av norske kommunar.

I går konkluderte eit regjeringsoppnevnt utval med at norske kommunar i framtida bør ha ei nedre grense på 15–20 tusen innbyggjarar.

Geir Vinsand

Geir Vinsand i analyseselskapet NIVI.

Foto: NRK

– Kommuneinndelinga i Ålesund bryt med alle tenkelege inndelingsprinsipp og tilrådingane til ekspertutvalet. Det er også den mest kritiske delen av kommunestrukturen i Møre og Romsdal. Tettstadane er fordelt på fleire kommunar trass i at det dreier seg om små område, seier Vinsand.

– Ålesund er raud sone i nasjonal samanheng. Det er berre å gå i gong, legg han til.

Ordføraren einig

Ordfører i Ålesund, Bjørn Tømmerdal

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H) er positiv til ein storkommune med Ålesund som kommunesenter.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ordføraren i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H) seier seg einig med Vinsand.

– Ålesund saman med nabokommunane må kunne klare å få på plass ei storkommune som tek vare på ønska og behova til dei som bur utanfor Ålesund, og samstundes finne den sunnmørske dynamikken som vi er kjende for og løfter regionen opp i elitedivisjonen, seier Tømmerdal.

Vil ikkje ha storkommune

Per Magnus Berdal

Fungerande ordførar i Norddal, Per Magnus Berdal (Sp) er skeptisk til å bli del av ein storkommune.

Foto: Frode Berg / NRK

Men kommunane rundt Ålesund er usikre på kva som er den riktige vegen å gå. Store avstandar er ein kritisk faktor. Køyrer vi langt nok kjem vi til Norddal. Fungerande ordførar her, Per Magnus Berdal frå Senterpartiet, ønsker ikkje å bli ein del av ei storkommune.

– Eg kan ikkje sjå så mange fordelar for Norddal sin del. Det vert ei sentralisering, seier han.

To problemområde

Geir Vinsand i NIVI kan godt forstå at Berdal er skeptisk.

– Det er to område kor kommuneinndeling er ei utfordring. Det er på indre Nordmøre. Er det grunnlag for ein storkommune med Surnadal, Halsa, Rindal, Sunndal og Nesset? Det same gjeld for indre Sunnmøre med Stranda, Sykkylven, Norddal og Stordal. Vanylven er også i denne samanheng ein problematisk kommune, seier han.