Hopp til innhold

– Regjeringa må tore å bruke pisk

Ordførar Bjørn Tømmerdal (H) meiner at regjeringa må ta styringa for å klare å gjennomføre kommunesamanslåinga.

Ordfører i Ålesund, Bjørn Tømmerdal

Bjørn Tømmerdal meiner at kommunar som sjølve tar initiativ til å slå seg saman skal bli premiert.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Kommunereforma har som mål å få færre og større kommunar her i landet. Det vil Tømmerdal setje i gong med.

– Vi må i fellesskap bygge ein god storkommune, seier ordføraren i Ålesund, den største kommunen i Møre og Romsdal.

Han høyrer stadig vekk at kommunesamanslåinga handlar om å gjere Ålesund større.

– Det synst eg er veldig trist.

– Må tore å bruke pisk

Han meiner at regjeringa må tore å bruke pisken dersom kommunereforma skal gi resultat.

– Vi kan ikkje vente i årevis for å vente på at kommunane skal finne kvarandre. Det vil ikkje fungere. Her må nokon styre og vere tydelege i prosessen, seier Tømmerdal.

I neste veke legg ekspertutvalet til regjeringa fram sine forslag, og deretter skal regjeringa og Stortinget gjere nokre viktige vegval. Ordføraren ventar at regjeringa leverer.

– Eg forventar at regjeringa lagar tydlege køyrereglar på at kommune som finn kvarandre blir premiert. Kommune som ønskjer å slå seg saman for å lage gode og robuste tenesteleverandørar for innbyggjarane sine bør bli sett pris på, seier ordføraren.

Det har ikkje skjedd noko særleg sidan midten av 60-talet. No som vi er i regjering så forventar eg at Høgre skal levere.

Bjørn Tømmerdal, ordførar i Ålesund

Upopulære forandringar

Han meiner at det viktigaste i kommunesamanslåinga er at tenestene til innbyggjarane blir betre.

– Ålesund kommune, med 47 000 innbyggjarar, er i stand til å levere gode tenester. Men eg hadde vore meir uroa viss eg var ordførar i ei lita kommune med eit par tusen innbyggjarar.

Ordføraren er uroa for at dei blir for taktiske. Han seier at det er upopulært å gjere endringar, og slik vil det alltid vere. Han vil ikkje gå over lik og tvinge saman kommunane, men han vil ikkje diskutere i det uendelege.

– Høgre var tydlege i opposisjon på at kommunesamanslåinga var overmoden, og det har ikkje skjedd noko særleg sida midten av 60-talet. No som vi er i regjering så forventar eg at Høgre skal levere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL