Hopp til innhold

Vil at fleire skal gjere som desse

Forbrukarane vil ha stadig meir økologiske varer, men våre eigne bønder makter ikkje å produsere nok.

Økobønder Paul Einar Sæther og Adrianna Saliwon

Paul Einar Sæther og Adrianna Saliwon ønskjer å satse på økologisk landbruk.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Som følgje av dette har Landbrukets Økoløft blitt oppretta av ei rekke landbruksorganisasjonar, og i dag var det økoløftmøte i Molde.

prosjektleder Aina Bartmann

Aina Bartmann, prosjektleiar for landbrukets økoløft, seier at det er eit stort behov for økologiske bønder i Norge.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Norske forbrukarar vil ha meir økologisk mat, og dei vil gjerne at den maten skal vere så kortreist som mogleg. Akkurat no er vi i ein alvorleg situasjon der produksjonen av økologisk mat i Norge har stagnert, samtidig som forbruket aukar, seier Aina Bartmann, prosjektleiar for landbrukets økoløft.

Dersom ikkje fleire norske bønder vel å satse på økologisk landbruk, vil importørar truleg ta over marknaden, trur ho.

– Etterspurnad blir no dekt av import. Dersom produksjon og forbruk ikkje er i balanse, så vil dette etter kvart kunne øydelegge importvernet, noko som er svært alvorleg for norsk landbruk, seier Bartmann.

– Må bli med på økoløftet

Bartmann trur mange bønder kan tene på å legge om til økologisk drift.

Stein Brubæk

Stein Brubæk, leiar for småbrukarlaget i Møre og Romsdal, meiner fylket må vere med på økoløftet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er fagleg utfordrande og meir arbeid å drive økologisk, men ein får også betre betalt for det. Det er ikkje mykje det er snakk om, men det er fullt mogleg å drive økologisk i Møre og Romsdal og tene pengar på det, seier ho.

Stein Brubæk, leiar for småbrukarlaget i Møre og Romsdal, er ikkje i tvil om at fylket må vere med på økoløftet.

– Marknaden er der og folk spør etter maten. Økologisk landbruk gir ei kjempemoglegheit for bønder å vidareføre drifta og få ei betre inntening gjennom å legge om drifta, seier han.

Vil satse

Adrianna Saliwon og Paul Einar Sæther skal ta over gardsbruket Perssetra i Åndalen i Gjemnes til sommaren. Der ønskjer dei både å satse økologisk, og å lage eit andelslandbruk.

Landbrukisdirektør Frank Madsøy

Landbruksdirektør Frank Madsøy, seier det er stor etterspurnad for økologiske produkt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi ser at det er berekraftig å bruke naturen sine løysingar. Vi ønskjer også å selje produkta våre direkte til kundane for å unngå fordyrande mellomledd, seier Saliwon.

– Det er mjølkeproduksjon på garden i dag, men vi vil også prøve oss på grønsaker og oste- og kjøtproduksjon, seier Sæther.

Landbruksdirektør hos fylkesmannen, Frank Madsøy, trur økologisk drift kan vere eit godt alternativ for mange bønder.

– Det vi i landbruket må huske er at forbrukarane i stadig større grad spør etter økologiske produkt, og då er det vår jobb å vere på banen og levere desse varene, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL