Hopp til innhold

Vikarprest i Ørskog tatt ut av teneste etter bråk om kvinnelege prestar

Biskopen har tatt vikarprest Vidar Nes Mygland ut av teneste. Presten meiner at kvinner ikkje bør vere prestar.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

Vidar Nes Mygland er tatt ut av teneste inntil vidare av biskopen i Møre.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det har vore full fyr i debatten om kvinnelege prestar på Sunnmøre dei siste dagane, etter at vikarprest Vidar Nes Mygland uttalte at han er imot kvinnelege prestar.

No har biskopen i Møre bestemt at han skal takast ut av teneste inntil vidare.

– Det er ikkje forbode for prestar å vere mot kvinners presteteneste, men ein kan ikkje reservere seg mot å samarbeide, seier Olav Gading.

Han er fungerande biskop og seier at dei no treng tid til å avklare nærare etter det som har kome fram i media.

Olav Gading

Olav Gading er fungerande biskop i Møre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I fjor slo bispemøtet fast at ingen prestar i Den norske kyrkja kan nekte å samarbeide med kvinnelege kollegaer.

Gading seier at dei var klar over kvinnesynet til vikarpresten før han blei tilsett, men føresetnaden var at reglane i den norske kyrkje skulle fylgjast.

Skal møte biskopen

Mygland, som nyleg starta i eit fire månaders vikariat, uttalte til lokalavisa Bygdebladet at kvinner ikkje kan vere prestar. Til Sunnmørsposten sa han at han ikkje vil ha gudsteneste med kvinnelege kollegaer.

Mygland seier til NRK at han ikkje vil uttale seg om det som har skjedd, før han har vore i møte med biskopen.

Glad for at biskopen tok tak

Therese Utgård Aas.

Therese Utgård Aas har reagert sterkt på saka og har stilt spørsmål ved tilsettinga av vikarpresten.

Foto: privat

Therese Utgård Aas er glad for at biskopen tok tak i saka. Ho sit i Kyrkjerådet og Bispedømerådet for Open folkekyrkje og har reagert sterkt på vikarpresten sine utsegner.

– Det viktigaste for meg som folkevald, er at alle våre tilsette blir varetatt. Her tenker eg spesielt på dei kvinnelege prestane, som har sagt at dei kjenner seg utrygge når ei slik tilsetting kunne skje, seier Aas.

Ho har fått kritikk for å meine noko offentleg, men synest det er viktig at dei folkevalde no støttar opp om dei kvinnelege tilsette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL