Hopp til innhold

Vigra flyplass er stengd

På bakgrunn av funn av ein uidentifisert pakke er flyplassen på Vigra no heilt stengd. Det opplyser politiet. Dermed er det ikkje mogleg å reise til eller frå flyplassen inn til vidare. Bombegruppa til politiet er på veg.

– Vi veit ikkje kva som er i pakken. Dermed er det ingen ting vi kan gjere før nokon kan opne pakken, seier innsatsleiar Karl Jonas Volen (bildet) til NRK.

Han bed folk om å følgje med på nettsidene til Avinor for nærare informasjon.

Karl Jonas Volen
Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK