Hopp til innhold

Vifta med våpen i bilvindu i Kristiansund

Ein mann i 20-åra er meld til politiet etter at blei observert med eit paintballvåpen ut gjennom eit bilvindu i Kristiansund natt til søndag.

Politi
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Våpenet blei raskt beslaglagt etter at den rusa kristiansundsmannen i 20-åra vifta med paintballvåpenet gjennom vinduet i Kristiansund sentrum i 1-tida natt til søndag.

Kvinner mot kvinne

Men politiet hadde også andre saker å ta seg av. Like før, klokka 00.46 blei det meldt at ei ung kvinne blei angripen av fleire andre unge kvinner på ein dansefest på Vihals i Aure. Ho skal ha blitt sparka og slått, men er ikkje alvorleg skadd, opplyser politiet.

Ambulanser rykte ut

Ein times tid seinare blei ei anna kvinne treft av ei flaske under eit slagsmål på ein serveringsstad i Bud i Fræna. Ingen skal ha blitt skadd, men ein mann var så rusa at han måtte ha tilsyn frå ambulansen som kom til staden.

Ambulansepersonell måtte også hjelpe ei kvinne i Sykkylven som var så rusa at ho ikkje klarte seg på eiga hand natt til søndag.

I Ålesund blei politiet tilkalt i 3-tida natt til søndag, etter at ei rusa kvinne skal ha tissa inne i lokala.

Dieseltjuveri i Ålesund

Også i Ålesund var det mange oppdrag for politiet natt til søndag. Like før midnatt fekk dei tips om mogleg dieseltjuveri i Olsvika, og fann tomme kanner og slangar på staden. Ingen gjerningspersonar var å sjå då politiet kom fram.

Kyr på rømmen

Det er også enkelte firbeinte som må ha hjelp ei søndagsnatt. I Nesset er ei ku med kalv komne vekk, og politiet ber eigarane om å melde seg. Dei to blei observerte på Røv i 5.30-tida søndag morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL