Hopp til innhold

Vidaregåande skular manglar praksisplassar

Nedgangstidene i delar av næringslivet verkar og inn på den vidaregåande skulen.

Tentamen på Bodin videregående skole

Illustrasjonsbilete: Kristiansund vidaregåande manglar fleire praksisplassar til elevane på TAF-linja.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

I Kristiansund er det ikkje nok praksisplassar til å sette i gang ei teknisk-allmennfagleg line. Dei risikerer å ikkje kunne starte til hausten. Det er meir enn nok elevar som søker, men det er for få praksisplassar, seier rektor Bjørn Johannesen.

– TAF er ei line der elevar får både studiekompetanse og fagbrev, og da er ein avhengig av nok praksisplassar, seier han.

Fristen for å skaffe arbeidsplassar til elevane går ut måndag.

Populær linje

Rektoren syns det er trist at dei manglar praksisplassar. Tilsvarande linjer i Fræna, Haram og Ulstein strever og med å finne nok praksisplassar, ifølge inntakskontoret for dei vidaregåande skolane.

– Linja er svært populær, og det er synd om vi ikkje greier å starte ein ny klasse til hausten, seier rektoren.

– Det er mogleg at vi må ta pause eit år, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL