Hopp til innhold

Sauebonde fryktar vêret kan gi matmangel

Kjølig vêr gjer at mange sauebønder må halde dyra heime lenger enn vanleg.

Hvit sau

Sauebøndene er mange stader forseinka med å få sauene ut på beite i år. No er dei fleire veker på etterskot.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Odd Bjarne Bjørdal på sauesanking

Arkiv: Odd Bjarne Bjørdal på sauesanking eit tidlegare år. No har han ikkje ein gong fått ut sauene.

Foto: Knut Hustad

Mange stader i utmarka ligg det framleis snø – og bønder i indre og høgare strok av fylket kan sleppe opp for beitemark til dyra sine. Leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, seier det hastar med å få dyra ut på beite.

I år skjer det om lag tre veker seinare enn normalt.

– Vi ligg nesten tre veker på etterskot, så det er mange sauer som beiter på reservane på gardane, seier Bjørdal.

Kaldt og vått

Han seier at det har skjedd fleire gonger før at sauene ikkje har kome seg på beitet før i juni, men dette året er annleis.

– Det som er spesielt i år er kombinasjonen av nedbør og lav temperatur. Eg kan ikkje huske at vi har hatt så mykje regn i juni før. Det er ikkje kjekt å drive smålandbruk no.

No håper sauebonden på tørrvêr slik at marka får tørke opp igjen.

Bjørdal oppmodar kubønder til å låne bort eventuell ledig mark – dersom det skulle oppstå formangel.

– Viss dette held fram og nokon har mat å låne vekk så hadde det nok vore kjærkome for fleire. Men dei fleste klarer seg nok. Det viktigaste er at dyra får nok mat, seier han.