NRK Meny
Normal

Her er verdas fyrste elbilfestival

I dag kunne elbilentusiastar frå heile landet samlast på elbilfestival i Romsdalen.

Elbilfestival

ELBILFESTIVAL: Denne helga er det duka for verdas fyrste elbilfestival i Romsdalen.

Foto: Stein Lindseth/Møre og Romsdal fylkeskommune

– Det har vore utruleg god stemning. Dette er starten på ei ny era, seier Hilde Gråberg Bakke, reiselivssjef i Rauma kommune, som kallar festivalen for verdas fyrste elbilfestival.

Festivalen, som går føre seg denne helga, er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Romsdal reiseliv og handel, kommunane i Rauma, Norddal og Stranda, fjordhagen og elbilforeininga. I tillegg til fleire andre samarbeidspartnarar.

Elbilturisme

Formålet med festivalen, som starta i går, er å legge til rette for elbilturismen i Romsdalen, der ein blant anna finn ein av dei mest besøkte turistdestinasjonane i Noreg, Trollstigen.

Hilde Gråberg Bakke

ELBILTURISME: Hilde Gråberg Bakke trur festivalen skaper eit godt utgangspunkt for elbilturismen i fylket.

I dag var det duka for den store hendinga då elbilteknologien møtte noregs fremste vegattraksjon, Trollstigen, i eit elbilløp.

Om lag 30 bilar, og nokre elsyklar, deltok i kortesjen som starta på Åndalsnes og enda opp i Norddal.

– Trollstigen er ein bauta innanfor norsk vegbygging, så dette må vere årets hending. Dersom ein kan køyre Trollstigen med elbil, kan ein køyre overalt, sa ei nøgd Bakke etter elbilløpet.

Med på turen følgde NAF og Falken, dersom nokon skulle falle frå på den bratte stigninga opp Trollstigen. Men på toppen kom dei, alle som ein.

– Alle elbilane kom opp. Det var eit par elsyklar som gjekk tom for straum, men det gjekk fint seier Bakke.

elbilfestival

TROLLSTIGEN: Elbilar på veg over Trollstigen.

Foto: Stein Lindseth/Møre og Romsdal fylkeskommune

Sjølv tykkjer ho det var spennande å sjå kor godt elbilane gjekk oppover Trollstigen.

– Eg køyrde sjølv ein elbil, og tykkjer det var veldig kjekt å sjå forbruket på veg opp, og korleis bilen lada seg på veg ned. Bilen var nesten full ladet då eg kom ned att, seier Bakke.

Nye ladepunkt

Den siste tida har dei jobba hardt for å opprette nye ladepunkt for elbilar rundt om kring i fylket.

– Førre fredag var det ingen ladepunkt for elbil mellom Dombås, Ålesund og Molde, så det er klart det måtte vi gjere noko med, seier Bakke.

– Så no har vi gått frå null 80 ladepunkt på ei veke, med eit utgangspunkt at vi vil legge til rette for elbilar, held ho fram.

Nok straum

elbil

ELSYKKEL: I Norddal kan ein denne helga prøve både elbilar og elsyklar.

Foto: Stein Lindseth/Møre og Romsdal fylkeskommune

Festivalen varer heile helga, og held fram i Norddal under Midtsommardagane, der det blir prøvekøyring av elbilar og elsyklar for alle som deltek.

Bakke trur på god stemning under festivalen, men er ikkje redd for å gå tom for straum når så mange elbilentusiastar er samla på same plass.

– No har vi fått god hjelp frå vår eigen leverandør av grøn energi, Rauma energi, som stiller ekstra ladekapasitet denne helga, seier Bakke.

– Så no er vi rusta til å ta i mot bilar frå heile fylket, og vi håpar endå fleire vel å ta turen til elbilfestivalen.