Hopp til innhold

Elbil frå 1902 møter Tesla på testbanen

Visste du at Noregs fyrste elbil er over hundre år gammal? No kan Trygve Krogsæter køyre han på vegane – og på testbanen på Voss.

Elbil Voss

420 MOT 3 HESTEKREFTER: Wawerlyen frå 1902 konkurrerer mot Teslaen.

Foto: Tim Wassmo / NRK

I ein låve på Voss har ein kulturhistorisk skatt stått gøymt i over 100 år. Det som tilsynelatande såg ut til å vere eit gammalt bilvrak, hadde blitt brukt som leikeplass for ungane på garden i fleire generasjonar.

Men det var før Trygve Krogsæter fekk høyre nyss om den gamle bilen.

– Svigermora mi er frå Voss, og på eit av besøka hjå ho fekk eg fekk høyre at på garden Møen stod det ein gammal bil, fortel Krogsæter.

Og det synte seg å ikkje vere kva som helst slags doning som stod parkert i låven. Bilen var ein amerikansk Wawerly electric frå 1902, og som det syner seg – Noregs eldste elbil.

Elbilen var i skrøpeleg forfatning, men Krogsæter kunne ikkje gå frå det spesielle køyretøyet. Han spurde eigaren om han ikkje kunne få bilen for å pusse den opp. Og det fekk han. Fem år har det tatt, men no er bilen klar til å bli køyrt.

Sjå testløpet mot Teslaen med 420 hk her:

I ein fjøs på Voss har ein kulturhistorisk skatt stått gøymt i over 100 år.

TESLA VS. WAWERLY: Bilen Trygve Krogsæter fann i ein garasje på Voss, synte seg å vere ein amerikansk Wawerly electric frå 1902, og – Noregs eldste elbil.

«Ein bil for damene»

Elbilar er slett ikkje eit nytt fenomen. Kring hundreårsskiftet hadde elektriske bilar si førre stordomstid. Dette var før bensinmotoren fekk overtaket.

elbil

HATT SI NYTTE: Bilen har ikkje vore på vegen på ei stund, men den har vorte godt brukt som leikeplass av barna på garden i fleire generasjonar.

Foto: NRK

– I dei store byane i USA var det på denne tida fleire elbilar enn bensindrivne og dampbilar. Årsaka var rett og slett at det var så enkelt. Ein berre skrudde på spenninga og køyrde, fortel Krogsæter

Elbilen Wawerly Electric blei annonsert som «bilen for damene».

– «Denne kan sjølv ei dame køyre utan problem», stod det i annonsane, fortel Krogsæter.

Ei dame har også vore spesielt viktig for å få bilen opp att og gå. Svigermor har bidrege med svært kortreiste deler til oppussinga.

– Trestykket fann eg i hekken der borte, bronsefjørene er fruktkniven til svigermor og styrehandtaket er laga av stolbeinet til svigermor i teak, fortel elbilentusiasten.

Men vert bilen godkjent av biltilsynet?

Elbilen har stått på låven til Knut Møen på Voss sidan han tok over drifta. Det var oldefar hans, Anders Møen, som kjøpte bilen.

Elbil Voss

PÅ TESTBANEN: – «Denne kan sjølv ei dame køyre utan problem», stod det i annonsane, fortel Trygve Krogsæter.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Bilen vart skaffa til skiferdrifta på Voss. Skiferen på Møen låg vanskeleg til, og Anders K. Møen bygde eit ege elektrisitetsverk i 1911 for å drive heis, pumper og kompressorar. Dermed vart det lettare å få ut steinen.

Møen kjøpte elbilen og to elektriske lastebilar som han nytta til skiferanlegget.

Då NRK møtte Krogsæter i Oslo var den amerikanske elbilen pussa opp og klar for å komme heim til Voss, der den skulle inn til biltilsynet for å verte godkjent. Når det er tid for eit nytt gjensyn på Voss, er det store spørsmålet: får bilen vognkort?

På biltilsynet har dei sett det meste, men ikkje dette.

– Dette er spesielt å sjå. Det var veldig kjekt, seier Sjur Nesbø hjå Biltilsynet på Voss.

Fleire såg altså potensial i den 112 år gamle vogna. Etter ein sjekk, blei bilen sendt ut med vognkort. Dette på dagen 107 år etter fyrst gongs registrering.

I ein fjøs på Voss har ein kulturhistorisk skatt stått gøymt i over 100 år - Noregs fyrste elbil.

SJÅ FYRSTE DEL AV ELBILSOGA: Trygve Krogsæter fann elbilen frå 1902 i ein garasje på Voss. Her fortel han om korleis han pussa om bilen med hjelp frå svigermor.