Hopp til innhold

Vegvesenet stengjer ikkje tunnelen

Statens vegvesen vil ikkje stengje Ålesundstunnelane heilt medan oppgraderingsarbeidet pågår.

Ellingsøytunnelen, Ålesund
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Vegvesenet har laga ein rapport som konkluderer med at arbeidsforholda er forsvarlege.

Dei vil likevel gjennomføre fleire tiltak for å betre forholda, og no er det opp til Arbeidstilsynet å godkjenne rapporten.

Risikovurdering

I brevet til Arbeidstilsynet viser Vegvesenet til ei risikovurdering som konkluderer med at det dei må ha hovufokus på, er i kor stor grad tunnelarbeidarane er utsette for CO (karbonmonoksid eller kolos), NO (nitrogenmonoksid), NO2 (nitrogendioksid) og støv. Vurderinga seier at med god planlegging av arbeidet bør nivået arbeidarane blir utsett for, liggje på 1/4 til 1/2 av norma.

Trafikk og ulykkesberedskap

Elles skal det leggjast vekt på rutinar for beredskap og redning ved brann og eksplosjonar. Det har vore tilfelle av uforsvarleg køyring gjennom Ellingsøytunnelen, og det er sett i verk tiltak for å få trafikantane til å respektere skilting og stenging seier Vegvesenet.  

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL