Hopp til innhold

Nattestenging og kolonnekøyring

I slutten av oktober byrjar sikringsarbeidet i Ålesundstunnelane. Arbeidet fører med seg store hindringar for trafikken. 

Ellingsøytunnelen, Ålesund
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Det store rehabiliteringsarbeidet i Ålesundstunnelane er pålagt av brannsjefen i Ålesund. At det no er opna for at folk kan reise med hurtigbåt mellom Valderøya og Ålesund, vil løyse ein del av problema som arbeidet fører med seg. Men dei som skal køyre bil gjennom tunnelane, må rekne med å bruke meir tid enn før.

Ellingsøytunnelen

Arbeidet i tunnelen mellom Ålesund og Ellingsøya startar i veke 42 i eitt køyrefelt. Det fører med seg mindre hindringar for trafikken. I veke 43 startar arbeidet i to køyrefelt, og då blir det innført kolonnekøyring i begge retningar. Nattarbeidet (med nattestenging) startar tidlegast i veke 44.

Køyretider:

Det er fri ferdsel kl. 0700 - 0900 og kl. 1500 - 1700, eitt køyrefelt i kvar retning.

Kolonnekøyring med leiarbil 0600 - 0700, 0900 - 1500 og 1700 - 2220. Trafikantane må rekne med ein del ventetid på oppstillingsplassane og lengre køyretid i tunnelane. Det er skilta til avmerkte oppstillingsfelt på Ysteneset i Ålesund, Kverve på Ellingsøya og Ytterland på Valderøya. Vegvesenet reknar med at det blir køyrt tre bilkolonner i timen kvar veg. Det kan komme faste tidspunkt for kolonnene når det er hausta erfaringar med kolonnekøyringa.

Bilar frå sentrum og ytre bydelar i Ålesund må først køyre innover til Volsdalen, deretter snu og køyre vestover igjen til oppstillingsplassen på Ysteneset.

Nattestenging mellom 2220 og 0600. Siste kolonneavgang frå Valderøya kl. 2200 og frå Ålesund kl. 2220. Tunnelen er ikkje stengd natt til søndag. Nattestenging blir annonsert, men ein må rekne med at tunnelen blir stengd om natta i heile anleggsperioden.

Alternativ omkøyring

Under arbeidet i Ellingsøytunnelen er det eit alternativ å bruke E39/136 og fylkesveg 107 over Skodje og Ellingsøya for dei som skal til og frå flyplassen eller andre stader i Giske kommune.

  

Kart omkjøring Ellingsøya
Foto: NRK

Bussane

Bussrutene - både lokalbussen og flybussen - skal gå om lag som før. Bussane skal prioriterast i kolonnekøyringa.

Hurtigbåten

Dagens hurtigbåtsamband mellom Valderøya og Ålesund kan altså i anleggsperioden brukast av dei som elles ville reist gjennom tunnelane. Førebels er det uvisst om det blir fleire avgangar på denne strekninga, spesielt om natta når tunnelen er stengd. Dette skal Vegvesenet og Fjord1 MRF ha eit møte om i neste veke.

Valderøytunnelen

Arbeidet i tunnelen mellom Ellingsøya og Valderøya startar først i mars 2007. I mars og april 2007 blir det arbeidd i begge tunnelane, deretter berre i Valderøytunnelen. Tunnelarbeidet er planlagt avslutta i juli 2008.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL