Hopp til innhold

Vegvesenet nøgd med vegsatsinga

Statens vegvesen i fylket er nøgde med budsjettet frå regjeringa i dag. Dei meiner dei har fått nok pengar til både store og mindre prosjekt.

vei

NOK PENGAR TIL VEDLIKEHALD? Statens vegvesen er nøgde med framlegget til statsbudsjett for 2012, fylkesordføraren er kritisk.

Regionvegsjef Berit Brendskag Lied seier dei på riksvegnettet har fått eit budsjett som er eit godt grunnlag for drift og utvikling av vegane dei har ansvar for.

Berit Brendskag Lied

NØGD: Regionvegsjef Berit Brendskag Lied skulle gjerne hatt meir pengar til veg, men meiner framlegget til statsbudsjett gir nok pengar til regionen.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

– Regjeringa legg opp til at me kan bruke 2,2 milliardar kroner i Midt-Noreg til riksveginvesteringar. Av desse er rett nok 1,1 milliardar bompengefinansiert, men me får i alle fall fullført dei prosjekta me er i gang med, seier Lied til NRK.

Vegsjefen er ut frå forventningane til budsjettet nøgd med det som vart lagt fram i dag.

– Me ønskjer jo alltid meir pengar, men i statsbudsjettet i 2011 fekk me ei kraftig auke i drift og vedlikehald, og at me kan oppretthalde det nivået er viktig for oss, seier vegsjefen.

Kritisk til løyvingane

Det aller meste av vegar og ferjer i fylket vårt har Møre og Romsdal fylkeskommune ansvaret for.

Olav Bratland

LIKAR IKKJE: Fylkesordførar Olav Bratland seier pengane ikkje strekk til for å halde ved like vegnettet i fylket.

Foto: Aina Rødal / NRK

Og avtroppande fylkesordførar frå Høgre, Olav Bratland, er sterkt kritisk til samferdselsløyvingane.

– I det budsjettet som no er lagt fram får me ein reduksjon i ferjedrifta. Samstundes får me berre ei alminneleg prisstiging på det som gjeld vedlikehald og driftskontraktar.

Bratland meiner det fører til at dei får for lite pengar til å drifte vegane i fylket. Og at det igjen kan føra til at fylkeskommunen må ta av pengar frå andre prosjekt.

– Me må ta av pengar som kanskje er tenkt til investeringar til nye prosjekt for å finne løysingar på utgiftene til driftskontraktane. Slik burde det ikkje vere, seier Bratland.

Usikker på om det er nok pengar

Knut Nauste

MÅ REKNE PÅ DET: Knut Nauste må finrekne på tala før han heilt sikkert kan seie at det er noko pengar til vedlikehald av vegane.

Foto: Fjord1

Om det er sett av noko pengar til vedlikehald av vegane i fylket er uklart. Avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen i Møre og Romsdal uttrykkjer, under tvil, eit visst håp om at pengane over statsbudsjettet skal hindre vidare forfall av vegane i fylket.

– Me har på riksvegane no pengar som er i tråd med det som vart lagt inn i nasjonal transportplan, og med dei føresetnadene som me hadde for nokre år sidan, så burde det vere nok til både stoppe forfallet og kanskje ta litt innpå.

Om det stemmer får Statens vegvesen først sjå når dei gjer ein ny analyse av situasjonen.

– Når det gjeld fylkesveg så er vel situasjonen mykje den same som på riksvegnettet, fortel Nauste.

– Men dei er ikkje nøgde dei som køyrer på vegar med djupe spor og sprekker.

Det er klart me ser dei same skadane på vegane me som andre bilistar, og me skulle gjerne hatt meir pengar.

HER ER VEGPROSJEKTA SOM FÅR PENGAR OVER STATSBUDSJETTET:

  • E39 Kvivsvegen: Framlegg om å løyva 200 millionar kroner til omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kniven, med vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Geitvika i Volda kommune. Prosjektet vil gi ferjefri riksveg mellom Nordfjord og Sunnmøre. Anleggsarbeidet tok til i januar 2009, og prosjektet skal etter planen opne for trafikk i desember 2012.
  • E 39 Hjartåberga: 105 millionar kroner er løyva til rassikring av den åtte kilometer lange strekninga mellom Årset og Løvikneset i Volda kommune. Anleggsarbeidet tok til i desember 2010, og prosjektet er venta å opne hausten 2013.
  • E39 Festøy ferjekai: For 2012 er det føreslege midler til å vidareføre ombyggingen av Festøy ferjekai på E39.
  • E39 Knutset – Høgset: 45 millionar kroner er sett av til E39 Knutset – Høgset. Anleggsarbeidet starta i november 2009, og prosjektet er venta å opne for trafikk våren 2013.
  • E136 Dombås–Ålesund med tilknytningsveger: Over budsjettposten for «Rassikring » er det tilrådd ei statleg rame på 10 millionar kroner til E136 Dombås – Ålesund. Midla skal fullt ut nyttast til prosjektet E136 Vågstrandstunnelen. Denne prioriteringa er avhengig av at Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av dette prosjektet og prosjektet E136 Tresfjordbrua.
  • E136 Tresfjordbrua: Omfattar bygging av om lag 2,8 kilometer ny veg. Sjølve brua er på 1,2 kilometer. Bygging av lokalvegar, med tilbod for gåande og syklande. Tresfjordbrua fører til ein innkorting av E136 på om lag 13 kilometer.
  • E136 Vågstrandtunnelen: Ein 3,6 kilometer lang tunnel. I tillegg inngår om lag 1,2 kilometer ny veg, også omlegging av lokalvegar og bygging av gang- og sykkelveg inngår i prosjektet.
  • Riksveg 70: 16 millionar kroner er sett av til riksveg 70 Brunneset–Øygarden. Arbeidet starta i august 2009, og heile strekninga vil vere open for trafikk i november i år.
  • Riksveg 70: Til Oppdølsstranda er det foreslått 216 millionar kroner til rassikring. Prosjektet er venta å vere ferdig i 2014.
  • Riksveg 70: Til strekninga Oppdal–Kristiansund er det sett av pengar til å starte bygginga av gang- og sykkelveg på strekninga Mo (Ålvundeid)–Åram. I tillegg vert det sett av pengar til fullfinansiering av utbetringsarbeid i Freifjordtunnelen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL