Hopp til innhold

Kommunane får milliardar til helsereform

Kommunane får milliardhjelp til ny reform i helsevesenet.

Lege

NY HELSEREFORM: Når samhandlingsreforma blir innført må kommunane betala for sjukehusbehandlinga til innbyggjarane sine.

Foto: Ill.foto: / NRK

Regjeringa gir 5,6 milliardar meir til kommunane i samband med innføringa av samhandlingsreforma i helsevesenet.

KS frykta at reforma skulle vere underfinansiert med ein milliard kroner.

KS seier kommunane treng seks milliardar kroner, og det er 400 millionar meir enn kva regjeringa har sett av.

Samhandlingsreforma er den største kommunehelsereforma som er gjennomført i Noreg.

Ho gir kommunane meir ansvar for helsetenestene. Nå skal kvar enkelt kommune betala sjukehusa, dersom ein av innbyggjar blir innlagd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL