Hopp til innhold

Vegvesenet ber næringslivet førebu seg på stengde tunnelar

Næringslivet og transportnæringa må førebu seg godt og tilpasse seg når ni tunnelar i fylket blir delvis stengde dei neste fire åra. Oppmodinga kjem frå Vegvesenet, som står for stenginga.

Tunnel

Ni tunnelar blir meir eller mindre stengde under oppgraderingsarbeidet.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Årsaka er ei omfattande oppgradering som ni tunnelar på riks- og europavegane i fylket skal igjennom. Det gjeld desse tunnelane:

  • Innfjordtunnelen
  • Måndalstunnelen
  • Hjelviktunnelen
  • Gyltunnelen
  • Rotsethorntunnelen
  • Blindheimstunnelen
  • Moa tunnelen
  • Ellingsøytunnelen
  • Valderøytunnelen

– For mange stader blir det omkøyring, kolonnekøyring, stenginig og trafikkhindringar av ulik art, fortel prosjektleiar Hallgeir Brudeseth.

Han fortel at noko arbeid unntaksvis kan skje på dagtid, men at det meste i hovudsak blir gjort om natta for at trafikken skal bli minst muleg ramma. Mest omfattande i første omgang blir arbeidet i Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen, men på nyåret blir det eit stort arbeid også i Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen.

Opptatte av tryggleik

Hallgeir Brudeseth

Prosjektleiar Hallgeir Brudeseth håpar på forståing frå næringslivet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dei tilbakemeldingane han har fått er at næringslivet forstår at det er nødvendig med utbetringane, og at dei også er opptatte av tryggleiken.

– Men det er klart at dei også er urolege for dei endringane dei må gjere i sine ruteoppsett. For dette blir nok både krevande og ikkje minst fordyrande for dei.

Oppgraderinga av dei ni tunnelane skal skje før 2019, og inneber at arbeidet må pågå nesten kontinuerleg. Men er ein tunnel stengt skal ikkje ein tunnel på omkøyringsstrekninga vere stengt samtidig.

Prøver å ta omsyn

– Vi skal prøve å fordele det ut over, og ser på kartet, og skal ikkje stenge tunnelar som gir dobbelt opp i hindring. lovar prosjektleiaren. Enkelte stader kan vi også opne gamlevegane på utsida av tunnelane, mellom anna utanfor Måndalstunnelen. Då blir det på sommarstid og med ledebil.

Vegvesenet har og skal ha nokre møte med næringsliv og transportørar, og kjem også til å sende ut informasjon i ulke kanalar framover.

Opp mot ein milliard kroner skal bli brukt til oppgraderinga av dei ni tunnelane på riks- og europavegen dei komande tre åra, i tillegg kjem fylkesvegnettet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL